Livet har endra seg

LIVET ER ENDRA: Familien meiner at livet ikkje er det same etter dei fekk ein vindpark som nabo.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

Fanga blant vindturbinar

Blant 33 vindturbinar kjempar familien Svalestad-Nodland for ei leveleg framtid. Fleire gonger har dei stilt spørsmålet: – Må Noreg eigentleg ha vindkraft på land?

I Egersund Vindpark står det eitt gult hus. Der bur Lisa Svalestad og Lars Henning Nodland med to små og to store barn.

I 2017 fekk familien nye naboar.

Naboar som dei helst ville ha vore utan.

500 meter frå det gule huset, i naturskjønne og unike omgivnader, står den nærmaste vindturbinen.

For familien starta marerittet då yngstemann, Ludvig, var éin månad gamal. No er han tre år.

– I 2015 høyrde me snakk om at det skulle komme eit vindkraftanlegg i kommunen. Men me visste ikkje kor, seier Lisa Svalestad.

Ny nabo

NÆRMASTE NABO: Familien Svalestad-Nodland er skuffa over at ingen bryr seg om at vindturbinane er komne så nære huset deira.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Sambuarparet fekk difor sjokk då dei fekk vite at turbinane skulle stå rett ved huset deira.

– Skal nokon setje opp ein garasje på naboeigedommen, har me krav på å bli informerte, men ikkje om nokon skal bygga ein vindpark rett ved huset, seier Lisa Svalestad frustrert.

Då vindkraftanlegget stod ferdig, i 2017, var det første gong ein sette opp 150 meter høge turbinar i Noreg. Det var også første gong ein sette dei så nær busetnad.

Sidan paret ikkje visste noko om utbyggingsplanane før alt var bestemt og klagefristar var ute, hadde dei eigentleg ikkje høve til å påverka prosessen fram til byggestart.

Likevel forsøkte dei.

– Tida me skulle ha brukt med dei to små, gjekk til kampen mot vindturbinane. Av utbyggjar fekk me beskjed om at me mest sannsynleg ikkje kom til å sjå dei.

Slik blei det ikkje.

Frå hagen ser ein i dag vindturbinar på alle kantar.

Vindturbinar

GODT SYNLEGE: Familien ser seks av 33 vindturbinar frå hagen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Seinare fann me også ut at utbyggjar hadde tatt utgangspunkt i eit kart som var så gamalt at huset vårt ikkje var teikna inn då dei skulle plassera vindturbinane i terrenget.

– Kva skjedde då dei blei gjort oppmerksame på det?

– Ingenting.

Einaste høve familien hadde til å klaga på utbygginga var ved å ta saka til retten.

– Føler seg overkøyrd

Midt blant vindturbinar i Svåheia vindpark, ein annan vindpark i Eigersund, står lokalpolitikar John Mong.

John Mong

FRUSTRERT: Lokalpolitikar John Mong meiner det unike naturlandskapet er øydelagt av vindturbinar.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg kallar ikkje dette ein vindmøllepark. Eg kallar det eit industriområde.

Den urørte naturen er skoten vekk og erstatta med fleire kilometer med grusveg og oppstillingsområde til vindturbinane.

– Kvar er flyet, seier Mong og kikkar opp.

Men det er ikkje lyden av eit fly som passerer over hovudet hans. Det er den konstante lyden av vindturbinar som slår gjennom lufta.

– Visste du at det er slik at plan- og bygningslova i svært liten grad gjeld her? Viss eg skal setja opp ein garasje, er det omfatta av plan- og bygningslova. Denne lova har liten betydning når ein skal bygga vindkraftanlegg. Kan du forstå det?, seier Mong.

– Kvifor er det slik?

– Det er noko som er riv ruskande gale. Men det må du spørja sentrale politikarar om. Ikkje meg.

Bygging og drift av vindkraftverk er omfatta av desse lovane.

150 meter høg vindturbin

STOR: Slik ser ein 150 meter høg vindturbin i Svåheia vindpark ut.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Mong har frå dag ein stilt kritiske spørsmål kring utbygginga i Eigersund.

– Eg var nesten heilt aleine om å vera imot. Folk såg på meg som ein raring.

Dei siste åra har kampen mot vindkraft tatt mykje av tida hans.

– Ut frå min yrkesbakgrunn, er eg vand med at når ein skal etablera noko nytt, knytt til arbeidsplassar og industri, er det føre-var-prinsippet som gjeld.

Mong jobba tidlegare som politi og forbundssekretær i Politiets Fellesforbund.

– Det betyr at ein må greia ut ein heil del før ein startar. Her var det inga utgreiing, og det er faktisk ikkje gjort den dag i dag.

Mong seier at det heller ikkje er utført ei konsekvensutgreiing om kva vindkraft betyr for pollinerande insekt, fugl og naturmangfald generelt i Eigersund.

I Tyskland har ein funnen ut at tysk vindkraft tar livet av 1200 tonn insekt årleg.

På Smøla i Møre og Romsdal har 500 fuglar til no mista livet på grunn av vindturbinar. I april blei havørn nummer 96 funne drepen.

Havørn fikk revet av vinge i møte med vindturbin på Smøla

TAR LIV: Demme havørn fekk vingen kutta av i møte med ein vindturbin.

Foto: Ulla Falkdalen

Mong fortel at det heller ikkje er avgrensingar i talet på meter opp mot busetnad.

– Nokre kilometer herifrå har me også ein familie som har fått vindturbinar som næmaste nabo.

Mong siktar til familien Svalestad-Nodland.

– Følte oss tvungne

I september 2015, etter at alle klagefristar var gått ut, kom utbyggjar Norsk Vind Energi på besøk til familien for å informera om det nye vindkraftverket som på var på veg.

– Dei kom for å inngå ein avtale. Dei ville at me skulle godta at bustaden vår vart liggande på grensa til støysona, som er bestemt av myndigheitene til 45 desibel Lden.

Lden står for gjennomsnittsstøy gjennom heila døgnet.

Kjemper mot vindindustrien

FØLER SEG LURT: Lisa Svalestad seier at ho føler seg lurt av Norsk Vind Energi.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

Lisa forklarer at Norsk Vind Energi samanlikna lyden dei kom til å høyra med «vindsus».

For dette ville firmaet tilby ein kompensasjon, «a la ein sydentur».

Dette takka familien nei til.

– Me har ikkje høyrt «vindsus». Me har høyrt ein djup plagsam dur, som ein brummande lyd med ekkoverknad. Denne plagsame duren kjem også inn i huset vårt.

Svalestad meiner at menneske som skal bu i nærleiken av vindturbinar har rett til å få vite sanninga om støy.

I tingretten tapte Lisa og sambuaren rettssaka mot Norsk Vind Energi.

Etter dette fekk paret eit eksternt firma til å gjera ein kontrollstudie på støyvurderinga til Norsk Vind Energi.

Firmaet estimerte ei støybelastning ved bustaden på 50 desibel Lden.

Det er fem desibel over myndigheita si støygrense.

– Dette er mykje når me veit at ei auke på tre desibel utgjer ei dobling av lyden sitt effektnivå.

Måler støy

MÅLER STØY: Denne støymålaren står i hagen til familien året rundt.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

Med denne informasjonen for hand, anka dei saka vidare.

Ankesaka blei sett til september 2017, men sidan vindturbinane ville vera oppe til dess, søkte familien om det som på jusspråket heiter mellombels rådgjerd.

Det betydde at retten kunne gi ordre om at Norsk Vind Energi måtte stoppa utbygging til rettssaka var over.

– Dei frykta byggestopp. Me opplevde det som at Norsk Vind Energi sine advokatar truga med millionsøksmål viss utbygginga vart stoppa og me tapte ankesaka.

Advokaten til paret oppfordra dei til å takka ja til eit meklingsmøte.

Ifølgje paret vart møtet alt anna enn hyggeleg.

– Vindkraft er overflødig

I Trondheim, på eit av laboratoria til NTNU, finn me professor Leif Lia. Han er ein av dei fremste forskarane på vasskraft i landet.

– Vasskraft er ein fornybar juvel som me må bruka til det beste for samfunnet, seier han engasjert.

Professor Leif Lia

VIKTIG FORSKING: – Det er flott at det no er engasjement rundt opprusting og utviding av eksisterande vasskraftverk, det var svært liten respons då me publiserte forskingsmaterialet for ei tid tilbake, seier professor Leif Lia.

Foto: NRK

Totalt er det 1893 vasskraftverk i Noreg. Desse forsyner landet med rundt 140 terawattimar (TWh) fornybar straum.

– Me har i mange år høyrt frå styresmaktene at potensialet ved opprusting av vasskraft er lite. Gjerne to til fire prosent. Gjennom fleire tiår har eg følgt prosjekt som viser til mykje betre resultat enn det.

Det gav professoren motivasjon til å gå i gang med eit grundig forskingsprosjekt.

Konklusjonen av forskinga vart:

– Opprusting og utviding av norske vasskraftverk kan gi like mykje straum som all planlagd vindkraft på land – og det med minimale naturinngrep.

Med vindkraftutbygginga som no er planlagd i Noreg, ligg det til rette for ein produksjon mellom 14 og 16 TWh.

Dette fordelt på rundt 70 vindkraftanlegg i Noreg.

Forskinga til Lia viser at ein framleis kan henta ut mellom 20 til 30 terawattimar ekstra i eksisterande vasskraftsystem.

– Kvifor bygger ein ut vindmøller då?

– Det er eit politisk spørsmål. Me har ikkje tatt stilling til kva energikjelde Noreg skal bruka, men me er opptatt av å vise potensialet i vasskrafta, svarar Lia raskt.

Professoren seier at det som er bra med vasskraft no, samanlikna med tidlegare, er at ein har ein heilt annan kunnskap om korleis ein kan bygga ut vasskraft miljøvennleg.

Lysebotn 2

VART FORSKA PÅ: I 2018 stod Lysebotn 2 ferdig. Dette prosjektet har Leif Lia følgt gjennom forskingsstudiet. Kraftverket fekk blant anna nye tunnelar og større vassturbinar. Kraftverket produserer no kring 1500 GWh i året. Det svarar til straum for 75.000 bustader.

Foto: Kristofer Ryde

– All utbygging av energi har konsekvensar, og ein del utviding og opprustingsprosjekt vil føre til inngrep i naturen. Men me har sett at svært mange av prosjekta fører til minimale inngrep.

Dette fordi dei nyttar seg av eksisterande infrastruktur som vegar og linjenett.

Lia viser til at det dei siste ti åra er utført massiv forsking på miljøvennleg vasskraft.

– Det viktigaste poenget i forskingsprosjektet er at med opprusting og utviding er miljøkonsekvensar vesentleg færre enn med nybygging.

Nye vindkraftanlegg vert rekna som nybygging.

Professoren meiner difor at dette bør tale til fordel for betre utnytting av vasskraft.

– Dårleg skattesystem

Sidan 1930-talet har vassturbinar i Maudal Kraftverk i Gjesdal kommune dura og gått.

No har dei behov for oppgradering for vidare produksjon av fornybar energi.

For Lyse Kraft er dette eit dilemma.

Maudal kraftverk

GAMALT: I Maudal kraftverk er vassturbinane gamle og har behov for opprusting.

Foto: NRK

Skattereglane på vasskraft gjer at det reint bedriftsøkonomisk, ofte vil lønna seg å redusera produksjonen av straum i staden for å investera i å auka han.

Ein ekstra særskatt på 37 prosent får nemleg fleire kraftselskap til å klø seg i hovudet.

Skatten blir lagt på toppen av selskapsskatt. For dei som for eksempel vil rusta opp eit gammalt vasskraftverk til å produsera straum over ei viss mengde (9 MW), må dei totalt betale ein skatt på 59 prosent.

Til samanlikning betaler ein 22 prosent skatt på vindkraft.

Bjørn Honningsvåg

VIL HA NYTT SKATTESYSTEM: Produksjonssjef i Lyse Kraft, Bjørn Honningsvåg.

Foto: Kristofer Ryde / Kristofer Ryde

– Den viktige problemstillinga her i Maudal er at me har eit skattesystem som hindrar utbygging og modernisering av gamle kraftverk, seier produksjonssjef i Lyse Kraft, Bjørn Honningsvåg.

Honningsvåg legg til at Lyse Kraft er samd i den nye forskinga Leif Lia presenterer om vasskraft.

– Lyse er klare for å produsera meir straum. Me er klar for å gjera naudsynte opprustingar, berre me får eit skattesystem som er tilpassa det, seier produksjonssjefen.

Kanskje blir kraftbransjen høyrt, for no skal eit utval på oppdrag for Finansdepartementet sjå på skatteproblematikken.

– Livet har endra seg

Tilbake hos familien Svalestad-Nodland ligg skodda tjukt over heile området. På grunn av dette ser me ikkje ein einaste vindturbin. Likevel markerer dei sitt nærvær i form av ein støyande lyd.

Familien Svalestad-Nodland

ER MEST I HAGEN: Før gjekk familien mange turar i nærområdet. No har dei slutta med det.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Det er som å bu rett ved ein flyplass, skundar Lisa seg å seia, mens ho kikkar til Ludvig som er på veg opp rutsjebanen i hagen.

Lisa fortel at livskvaliteten til familien er blitt nedsett på grunn av støyen.

– Det er om natta det er verst.

– Hugsar du kva som skjedde på meklingsrommet?

Lisa blir stille ei lita stund.

– Eg hugsar det veldig godt. Advokatane til Norsk Vind Energi sa blant anna at dei kunne ta frå oss huset ved ekspropriasjon.

Småbarnsmora tenker seg litt om før ho seier:

– Med trussel om millionsøksmål og tvungen flytting, vart me nøydde til å inngå eit rettsforlik som innebar at me sa frå oss høve til å stanse oppføring av turbinar ved rettsleg hjelp.

– Me har derimot alle andre klagerettar, inkludert å klaga på støyen, og ikkje minst retten til å saksøke utbyggar og styresmakter i framtida.

Framleis ventar paret på ei ny støymåling som fylkesmannen påla Norsk Vind Energi å utføra innan mars 2019.

Fylkesmannen har purra, og siste beskjed paret fekk var at dei skulle få resultatet på støymålinga før sommarferien.

Per i dag har dei ikkje fått det.

– Målet vårt har heile tida vore å redda vårt kjære paradis frå støy. Me har hatt mål om å kunna bu i heimen vår – med kvalitetstid, fred og ro i hagen. Me har hatt mål om å sova godt om natta, og la barna våre veksa opp nære sine kjære besteforeldre.

Familien har fleire gongar telt på knappane om dei skal flytta på grunn av bråket frå vindturbinane.

Men etter at vindparken kom har verdien på eigedommen deira sokke med 45 prosent, ifølge ein takstrapport dei har fått utarbeidd.

– Me har ikkje så mykje val lenger. Eg synest det er forkasteleg at vanlege folk skal gå på milliontap på grunn av vindkraftindustrien, sukkar Lisa tungt.

Vanskeleg tid

LIVET ER ENDRA: Familien seier at livet ikkje er det same etter at vindparken kom.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK