NRK Meny
Normal

Arbeidsministeren: – Kanskje eit teikn på at vi går ei lysare tid i møte

Wintershall opnar eit nytt norsk hovudkontor i Stavanger. Arbeidsministeren vonar oljebransjen er på veg inn i ei ny tid.

Gullfaksbygget på Hinna

KJØPT EIGE: Wintershall har satsa stort og kjøpt Gullfaksbygget i Hinna Park. Sjølv kallar dei det eit signalbygg.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det er ikkje kvardagskost dette her, men det er kanskje eit teikn på at vi går ei lysare tid i møte.

Arbeidsminister Anniken Hauglie var på plass i Hinna Park då tyske Wintershall opna nybygget sitt. Oljeselskapet flytta inn då Gullfaksbygget stod ferdig i fjor haust.

Anniken Hauglie

IKKJE KVARDAGSKOST: Arbeidsminister Anniken Hauglie er glad for at eit internasjonalt oljeselskap opnar nytt i Noreg.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Me ser lysglimt i fleire bransjar over heile landet. Fleire analytikarar meldar no om betre tider, og at internasjonale selskap ønskjer å satse endå meir i Noreg, og også Rogaland.

Komen for å bli

Wintershall er Tysklands største internasjonalt aktive oljeselskap, og satsar hardt på å kjempe seg fram på norsk sokkel. I 2015 fekk dei godkjend byggeplanen på Maria-feltet utanfor Nordlandskysten, der produksjonen etter planen skal starte opp i 2018. Det at selskapet satsar stort i Noreg skremmer ikkje HR-direktør Tone Samuelsen.

– Tidlegare var vi i tre ulike bygg, no samlast vi her. For tre år sidan, då det vart bestemt at vi skulle samlast, var det nesten ikkje ledige bygg her, seier ho og ler.

– Men det er òg eit viktig signal å sende ut, at vi har kome her for å bli, og for å vekse vidare.

Tone Samuelsen, HR-direktør i Wintershall Norge

KIMSAR IKKJE: Tone Samuelsen, HR-direktør i Wintershall Noreg, er klar på at selskapet ikkje let seg skremme av lav aktivitet i oljeindustrien.

Foto: Tom Haga / Wintershall Norge

Rekrutterar til sommarjobbar

– Det som er heilt sikkert, er at denne sektoren skal Noreg leve av i mange, mange år framover, seier Hauglie.

Arbeidsministeren er klar på at rekruttering er viktig. Wintershall har ei ordning der dei rekrutterar studentar til blant anna sommarjobbar, og er aktive med jobbtrening og tilrettelegging gjennom NAV.

– Eg er opptatt av at bedrifter må opne dørene sine for mange av dei som står utanfor arbeidslivet. Wintershall gjer dette, men seier og at dei er avhengig av å satse på unge. Dei visar stort samfunnsansvar med å ta inn unge ledige.