Hopp til innhold

Nytt felt sikrar 3500 arbeidsplassar

Det nye Maria-feltet på Haltenbanken kjem til å sysselsetje 3500 personar. Oljeselskapet Wintershall la i dag fram planane for utbygging og drift.

Heidrun

Heidrun-plattformen skal bidra til å få opp olje frå Maria-feltet.

Foto: Statoil / Øyvind Hagen

Olje-og gassproduksjonen frå skal vere igang frå 2018 og blir svært viktig for Møre og Romsdal i åra som kjem, seier oljerådgjevar Helge Hegerberg i Kristiansund kommune.

– Det betyr mange arbeidsplassar og langsiktig drift fram til 2038.

Arbeidsplassar

Arbeidsplassane kan kome i heile fylket, både i leverandørindustri, skipsfart og administrasjon. 15,3 milliardar kroner blir investert i arbeidet med Maria-feltet, samtidig som det er nedgangstider i oljenæringa.

Helge Hegerberg

Helge Hegerberg er oljerådgjevar i Kristiansund kommune.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det svingar litt i oljemarknaden, men på leitesida er vi faktisk over eit normalår i år, fortel Hegerberg.

Selskapet Wintersahl opererer frå hovudkontoret sitt i Stavanger og i arbeidet med å få opp olje frå Maria-feltet vert anlegg ein har frå tidlegare utnytta. Feltet skal byggast ut med to havbotnsinnretningar knytt til eksisterande infrastruktur på Haltenbanken.

– Feltet skal koplast opp mot plattformene Tyrihans, Åsgard og Heidrun, i tillegg til hovudanlegget Kristin.

Olje- og energiministeren jublar

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) mottok tysdag planen for utbygging og drift for Maria-feltet.

– Det er svært gode nyhende at Maria-feltet skal byggast ut. Dette er positivt for petroleumsverksemda i Norskehavet og vil gi nye oppgåver til det eksisterande driftsmiljøet i Midt-Noreg, skriv olje- og energiministeren i ei pressemelding.

Tord Lien

Ole- og energiminister Tord Lien applauderer måten Marie-feltet skal utnytte allereie eksisterande anlegg på.

Foto: Morten Andersen

Maria-feltet skal byggast ut med et undervassanlegg tilknytt fleire vertsplattformar på Haltenbanken. Utbyggingsløysinga inneber at brønnstraumen vert send til Kristin-plattforma for prosessering og at den stabiliserte oljen vil verte send frå Kristin til Åsgard-feltet for lagring og utskiping med skytteltankarar. Gass til gassløft vil kome frå Åsgard B via eksisterande gassrør til Tyrihansfeltet, og vassinjeksjon vil kome frå Heidrun.

– Maria-feltet er eit godt eksempel på kor viktig det er med leiting i nærleiken av eksisterande infrastruktur, og på korleis vi kan få til kostnadseffektiv utbygging ved å nytte tilgjengeleg kapasitet i eksisterande infrastruktur.

– Dette er stort for oss!

Det er mange nye små selskap som leitar etter olje og som har gjort funn. Ifølgje oljerådgjevar Hegerberg er dette funn nummer 16 som vert bygd ut utanfor Møre og Romsdal.

Endå er det 25 funn som ikkje er bygd ut, fortel Hegerberg.

– Tenk på kor stort det var for 22 år sidan då Draugen vart bygd ut og kor vi feira då Ormen kom. Det må vere lov å ta seg eit kakestykke i dag, dette er stort for oss!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no