Hopp til innhold

Vil ikkje behandla mobbesaker

SVEIO (NRK): Sveio-rektor vil melda foreldre som bevisst ikkje innser at barna deira mobbar til barnevernet. Det meiner representant for Norsk Barnevernleiarorganisasjonen på Vestlandet er feil.

Mobbing i skulen

SJØLVSTENDIG ANSVAR: Norsk barnevernleiarorganisajonen viser til opplæringslova om at skulen har eit sjølvstendig ansvar i mobbesaker. Illustrasjonsbilde.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Eg er grunnleggande ueinig i å overlata vanskeleg mobbeproblematikk i skulen til barnevernet, seier Hadle Blikra, representant for Norsk Barnevernleiarorganisasjon region Vest.

Rektor ved Sveio skule vil melda foreldre som ikkje tek tak i problemet til barnevernet. Blikra viser til kapittel 9a i opplæringslova, som er tydeleg på skulen sitt sjølvstendige ansvar i slike saker.

Rektor Ben Jerry Ellingsen ved Sveio skule

Rektor Ben Jerry Ellingsen ved Sveio skule

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Rektor Ben Jerry Ellingsen ved Sveio skule fortel at skulen sjølvsagt jobbar systematisk ut ifrå opplæringslova, og behandlar mobbesaker så langt det lar seg gjera.

– Men me får enkelte vanskelege saker kor foreldra ikkje vil ta innover seg at barna deira mobbar, som gjer at skulen blir bekymra. Då må me gå vidare med det til barnevernet.

Skulen har ikkje meldeplikt

Hadle Blikra i Norsk barnevernorganisasjon region Vest fortel at skulen ikkje har meldeplikt til barnevernet før det er grunn til mistanke om alvorleg omsorgssvikt i heimen.

Rektoren seier at skulen kjenner til retningslinjene for når dei skal melda frå til barnevernet.

– Men me meiner at tunge mobbesaker også kan gå inn under omsorgssvikt om foreldra ikkje ønsker eller evner å ta tak i det saman med skulen for å få løyst det.

Mobbing i skulen

OMSORGSSVIKT: Norsk barnevernleiarorganisasjon fortel at skulen ikkje har meldeplikt til barnevernet før det er grunn til mistanke om alvorleg omsorgssvikt i heimen. Illustrasjonsbilde.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Representanten for barnevernleiarorganisasjonen forstår uansett ikkje kva barnevernet kan bidra med i mobbesaker.

– Barnevernstenesta rår ikkje over andre type tiltak knytt til mobbeproblematikk enn det skulen sjølv rår over, seier Blikra.

Får støtte frå lokalt barnevern

Det lokale barnevernet har allereie behandla fleire mobbesaker frå Sveio skule.

Barnevernet er einige i at mobbesaker der foreldra bevisst ikkje innser at barnet deira mobbar er på grensa til omsorgssvikt. Difor har dei har hjelpt skulen med å få foreldra til å samarbeida.

– Alle bekymringsmeldingar som me får inn skal ha ein individuell vurdering. Me ønsker ikkje å kategorisera meldingar om mobbing som saker me ikkje ønsker å vurdera å behandla, fortel leiar for Sveio barnevern, Guro Thorsheim.

Her er me nok ueinige, og det får me berre vera einige om

Ellingsen, rektor ved Sveio skule

– For oss, og for foreldre, er barnevernet ein kjempeviktig medspelar for å få slutt på mobbinga. Og ikkje minst ein god samtalepartnar, seier rektor Ellingsen ved Sveio skule.

Sjølv om barnevernleiarorganisasjonen meiner det blir feil å melda frå til barnevernet om mobbesaker, kjem rektoren til å fortsetta med det.

– Her er me nok ueinige, og det får me berre vera einige om å vera, seier rektoren om Hadle Blikra i Norsk barnevernleiarorganisasjon.