Sterke reaksjonar etter barnevern-utspel

Rektor ved Sveio skule meiner foreldre bør meldast når dei ikkje vil innsjå at barna deira mobbar. No har innlegget skapt stor debatt i sosiale media.

Sveio-rektor sitt Facebook-innlegg

BLEST: Utspelet til rektoren har både engasjert og provosert mange. Ben Jerry Fjeldheim Ellingsen er overraska over responsen.

Foto: Facebook/May-Helen Rolfsnes

– Eg hadde aldri sett for meg at det skulle få desse konsekvensane, fortel rektor Ben Jerry Fjeldheim Ellingsen til NRK etter fått tallause reaksjonar på Facebook-innlegget.

Rektoren hadde akkurat lese Dagbladet-artikkelen om ei 19 år gammal jente som fortel om fleire år med mobbing. Ein augneblikk med empati førte til at han fann fram tastaturet.

Facebook-innlegg om mobbing

FACEBOOK-INNLEGG: Sveio-rektoren publiserte dette innlegget på Facebook etter å ha lese om ei 19 år gammal jente som fortel om fleire år med mobbing.

Foto: Facebook

"Det er ikkje greitt at menneske får liva sine øydelagt. Politianmeld mobbarane og meld foreldra til mobbarane, som ikkje tar dette på alvor, til Barnevernet", skriv rektoren i innlegget på Facebook.

Det var Hnytt som melde om Facebook-innlegget først.

– Forslaget er på sin plass

I kommentarfelta på Facebook støttar dei fleste rektoren sitt forslag om å melda mobbar-foreldre til barnevernet. Småbarnsmor Janne Therese Stol Bådsvik frå Sveio applauderte Ellingsen.

– Eg synest forslaget er på sin plass. I dei situasjonane der foreldra ikkje ser alvoret i saka må dei minnast litt på det.

Janne Therese Stol Bådsvik

SMÅBARNSMOR: Janne Therese Stol Bådsvik er einig i utspelet til Sveio-rektoren.

Foto: privat

Bådsvik har opplevd foreldre som ikkje bryr seg om at barna deira mobbar, og at barna dermed trur det er greitt.

– Eg har sett at barn er produkt av foreldra sine haldningar. Når vaksne ikkje synest mobbing er ein alvorleg sak, blir det mykje mobbing blant barna. Eg seier ikkje at det automatisk skjer, men det kan skje.

Har meldt foreldre til barnevernet

Rektoren trur folk er redde for å melda frå.

– Det er ikkje slik at dei går inn og tar barna over ein lav sko. Det gjer dei ikkje. Dei er der for å hjelpa folk.

Sveio skule melder foreldre til barnevernet når foreldra heilt bevisst ikkje innser at barna deira mobbar.

– Då står me jo fast, då, seier Ellingsen.

Mobbing på nett

REDDE FOR BARNEVERNET: Sveio-rektor Ellingsen trur mange er redde for å melda frå til barnevernet. – Det er ikkje slik at dei går inn og tar barna over ein lav sko.

"Barnevernet er IKKJE vegen å gå, det er jo totalt feil. Rektor har eit stort ansvar her, og bør ikkje vri seg unna sitt ansvar han er betalt for??"

Facebook

Mange reagerer negativt på rektoren si haldning, og meiner det er ei direkte ansvarsfråskriving frå skulen.

"Barnevernet er IKKJE vegen å gå, det er jo totalt feil. Rektor har eit stort ansvar her, og bør ikkje vri seg unna sitt ansvar han er betalt for??", er blant kommentarane på Facebook.

– Må ikkje bli ei kvilepute for skulen

Stortingsrepresentant Bente Thorsen i framstegspartiet er einig i forlaget til rektoren, så lenge det ikkje blir ei kvilepute for skulen.

– Eg vil ikkje avvisa vinklinga til rektor, men vil minna om at det er viktig at alle tar sitt ansvar bevisst, og involverer seg i kampen mot mobbing.

Bente Thorsen

STORTINGSREPRESENTANT: Bente Thorsen i Frp

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Sveio-rektoren fortel at barnevernet ikkje blir involvert før alle tiltak frå skulen si side er gjort.

– Men eg har også barn, og det er ein del av det å vera forelder å ta ansvar og læra barna korleis ein skal oppføra seg mot kvarandre, seier Ellingsen.