Gråtassen revolusjonerte landbruket i den vestlege verda då den kom i produksjon frå 1946. I løpet av ein tiårsperiode blei det produsert ein million av traktortypen som blei symbolet på traktoriseringa og mekaniseringa av landbruket.
Det kanskje ikkje alle veit er at det var ein Gråtass som blei brukt under den første mekaniserte ekspedisjonen til Sydpolen, gjennomført av Sir Edmund Hillary og hans team frå 1955 til 1958.
Dette var den første ekspedisjonen til Sørpolen på 46 år – etter at nordmannen Roald Amundsen og briten Robert Falcon Scott blei dei første til å nå Sørpolen i 1911 og 1912.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ein unik traktor
Nå vil Jæren Gråtasslaug heidra den klassiske Gråtass-traktoren. Onsdag hadde dei sitt aller første styremøte.
– Gråtassen er ein unik traktor. Den er liten og enkel, og er den første traktoren som kom med hydraulikk bak. Den gjorde det enkelt å skifta reiskapar og revolusjonerte landbruket, seier Morten Lende, president i Jæren Gråtasslaug.
Lauget har i dag 30 medlemmar, der godt over 20 har eigen Gråtass-traktor.
– Litt av kriteria for å bli med er at du må ha ein Gråtass eller ønska deg ein, fortel Lende.
Frå hest og kjerre til traktor
Gråtassen er ein historisk traktor, og blir rekna for å vera blant dei viktigaste køyretøya i historia.
– Den kom rett etter krigen. Folk gjekk nesten frå hest og kjerre og rett over på traktor. Og det til ein traktor som fungerte veldig godt, seier Lende.
Gråtass, eller TE20, er ein traktor frå britiske Ferguson. Namnet TE20 står for Tractor England og motoreffekten den har (20 hestekrefter).
– Å sitja med ein Gråtass mellom beina er nok den beste kjensla du kan ha, meiner Morten Lende i Jæren Gråtasslaug.