Hopp til innhold

Trur fisk kan skapa nye jobbar i oljefylket

Fylkesordføraren trur havbruksnæringa har eit stort potensial i Rogaland, no vil ho leggja til rette for meir fiskeoppdrett.

Laks
Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

– For laks går det fint an å doble produksjonen i Rogaland, berekraftig, seier administrerande direktør i Skretting, Erlend Sødal.

Erlend Sødal

Administrerande direktør i Skretting, Erlend Sødal.

Foto: Erik Waage / NRK

Skretting er verdas største produsent av fiskefôr, og held til i Hillevåg i Stavanger. Her meiner dei at det ligg eit stort potensial for meir havbruk i Rogaland.

– På lang sikt kan laks bli den nye olja, seier Sødal.

Kan bli eit nytt eventyr

– Det er ei veksande og god næring, som kan bli eit stort nytt eventyr, seier fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal.

I dag var ho og fleire av ordførarane frå kystkommunane i Rogaland samla hos Skretting. Det var fylkeskommunen som hadde teke initiativet til møtet, og målet var å gi kommunane eit større innblikk i kva moglegheiter som finst innanfor havbruksnæringa.

Solveig Ege Tengesdal

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal.

Foto: Erik Waage / NRK

– Eg opplev at næringa og bransjen ser at det er eit stort potensial i Rogaland for å veksa. Så no trur eg det er litt opp til kommunane, at dei raskt kan få avklart kva område ein kan leggja til rette for oppdrett, seier Ege Tengesdal.

Og dersom kommunane ynskjer å opna for meir oppdrett, vil fylket spela på lag ved å opne nye areal for havnæringa, seier Tengesdal.

– Me er alltid positive til å leggja rette for næringsutvikling, og havbruk er veldig viktig for oss i denne samanhengen. Så me skal i alle fall bidra det me kan for å vera ein pådrivar.

Vil sjå på kva moglegheiter som finst

Kristine Enger

Randaberg-ordførar Kristine Enger.

Foto: Erik Waage / NRK

Randaberg-ordførar, Kristine Enger, var ei av dei som var til stades i dag. Kommunen har eit stort sjøareal, og meir havbruk i kommunen, ser ho på som ein interessant tanke.

– Eg har lært mykje i dag. Og eg vil ta det med meg tilbake og sjå på om det er mogleg å leggja til rette for havbruk innanfor Randaberg sine grenser, seier Enger.

Men om det blir ein realitet, står att å sjå.

– Eg veit ikkje endå, fordi det må meir kunnskap til for å kunne avgjera om det er areal i Randaberg som kan vera aktuelt for oppdrett. Men Randaberg har mykje kystareal, og eg veit at oppdrettsnæringa no ser lenger ut i havet, og då kan det godt vera at det er areal i Randaberg som er eigna til oppdrett, seier Enger.