På Sunnmøre og i Romsdal var det per i går selt fisk for 2,3 milliardar kroner, og det er 200 millionar meir enn i fjor, skriv Dagens Næringsliv.
Fleire faktorar har til saman gjort 2015 til eit rekordår, seier assisterande direktør i Norsk Råfisklag, Svein Ove Haugland.
Foto: Klemet Anders Sara/NRK– Det er eit fantastisk år for fiskeflåten og norsk fiskeindustri. For fiskarane er 2015 det beste året i Råfisklagets historie, seier Svein Ove Haugland. Haugland er assisterande direktør i Norges Råfisklag, som omset all villfisk i Nord-Noreg.
Godt eksportår
I Noregs sjømatråd vart dei allereie ved utgangen av november klar over at 2015 kom til å bli eit rekordår for fiskeeksporten. Då rekneskapen var gjort opp for dei elleve første månadane i år, låg den totale eksporten på 67,3 milliardar kroner.
– Det er 1,5 milliardar kroner under eksporten for heile 2014, og med ein normal eksport i desember blir dette det beste sjømatåret gjennom tidene for Noreg, seier fungerande kommunikasjonsdirektør Marit Rein.
Dei viktigaste forklaringane på det gode fiskeåret er høge kvotar, større marknad og ein låg kronekurs. Det siste gjer at det er veldig attraktivt å eksportere varer frå Noreg.
Ser fram til 2016
Det skal bli nok å gjere for fiskarane også i 2016, trur Råfisklaget.
Foto: Synnøve Hole– Frå 2013 har vi hatt den høgaste torskekvoten vi nokon gong har hatt. Desse faktorane til saman slår dermed veldig positivt ut, seier Haugland til NRK.
Han har god tru også på 2016, sidan kvotesituasjonen og bestandane framleis er gode. Haugland ventar også at den norske krona skal vere relativt svak, og med ei positiv utvikling også i marknaden ser Råfisklaget positivt på komande år.