Hopp til innhold

Vil ha el-drosjar først i køen

STAVANGER (NRK) Fleire parti i Stavanger vil gi el-taxiar forrang på drosjehaldeplassane i byen. Eit slikt tiltak vil få fart på overgangen til nullutsleppsbilar, meiner Venstre.

sveinung Bøe med ein av sine el-taxiar i Stavanger

Sveinung Bøe har åtte el-taxiar, og ønskjer forslaget velkommen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det er mindre enn 10 prosent av dei om lag 400 drosjane i Stavanger som går på biogass eller som er elbilar.

– Det er ein konservativ bransje, seier taxieigar Sveinung Bøe.

Han har åtte el-drosjar og skal etter planen få fire til i løpet av året.

Sveinung Bøe, el-taxi-eigar i Stavanger. Står på sida av el-taxi.

Dei nyast elbilane som blir nytta til taxidrift går over 450 kilometer på ei lading, seier Sveinung Bøe.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han fortel at nye elbilar sjeldan treng å bli lada meir enn mellom kvart skift, og at ladinga tar mindre enn ein halv time.

– I tillegg er driftskostnadane lågare i elbil enn i vanleg dieselbil, seier Bøe, som ønskjer forslaget om fortrinnsrett velkommen.

Ingen god idé

Kofi Solomon står på haldeplassen i Haakon VII gate i Stavanger sentrum. Han synest forslaget om å gi el-taxiar spesialbehandling er eit dårleg påfunn.

Taxisjåfør i Stavanger, Kofi Solomon, på førarsida av bilen sin

Alle må ha like tilhøve, seier taxisjåfør Kofi Solomon.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det ville gitt mykje mindre køyring for dei andre drosjane, og det ville vore urettvist, meiner han.

– Alle taxisjåførane betalar skatt, og alle treng inntekter for å kunne ha mat på bordet, slår Solomon fast.

Vil ha fart på omlegging til elbilar

Ifølge Morten Eriksen, styreleiar i Taxiforbundet i Rogaland, er det ikkje ordningar med forrang for el-taxiar på haldeplassane i andre byar her i landet.

Men gruppeleiar Jan Erik Søndeland i partiet Venstre meiner Stavanger godt kan gå i spissen i denne saka.

Jan Erik Søndeland, Venstre i Stavanger, med taxihaldeplass i bakgrunnen

Gruppeleiar Jan Erik Søndeland i Venstre vil ha fart på omlegging til nullutsleppsbilar i drosjebransjen i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det kan bli snakk om å male den fremste delen av haldeplassen grøn, eller å setja opp eit skilt. Det blir opp til administrasjonen å finne ut av den mest praktiske måten å ordne dette på, seier Søndeland.

Frp: – Fjas

Forslaget til Venstre, Ap og MDG om å be om ei sak blei nedstemt med seks mot fem stemmer i Utval for miljø og utbygging i Stavanger.

Søndeland i Venstre gir seg ikkje, og seier at han skal ta saka opp i kommunestyret til hausten. Han har godt håp om at fleirtalet vil endre seg der.

Det trur ikkje Leif Arne Moi Nilsen (Frp).

– Så lenge dei blå partia saman med bompengepartiet meiner dette er fjas, blir det ikkje noko av, slår han fast.

Og viss det likevel skulle bli fleirtal, vil Frp be om lovlegheitskontroll.

– Dette er konkurransevriding, seier Moi Nilsen.

Trur det kjem fleire drosjar

I likskap med Moi Nilsen meiner også Frode Myrhol i Folkeaksjonen nei til bompengar (FNB) at drosjenæringa har ei vanskeleg tid bak seg, og at ei slik køordning berre ville gjort tilhøva endå vanskelegare.

– Det har vore nok kaos etter ny plassering av drosjehaldeplassar i sentrum, seier han.

Moi Nilsen legg på si side vekt på ei varsla regelendring som gjer at at det om ikkje lenge kan komme endå fleire drosjar i køane.