Hopp til innhold

Kjemper om dei same supporterane

Når både Viking og Oilers har heimekamp, på same klokkeslett, er ingen av laga glade for det. I morgon kolliderer dei igjen.

Viking- og Oilerssupportere

Dei er som både Viking- og Oilerssupportarar får eit vanskeleg val i morgon.

Foto: Scanpix

– Trist, er dagleg leiar i Oilers, Kjetil Bøe, sin kommentar til kampkollisjonen.

– Og det er ikkje første gong det skjer, legg han til.

Storhamar

Oilers mot Storhamar i siste finalekamp i 2015. Også då kolliderte ein av sluttspelkampane med Viking sin heimekamp.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Det skjer på onsdag og det har skjedd før. Eitt år spelte Oilers den siste og avgjerande finalekampen i ishockey-cupen, på same tid som Viking spela heimekamp i fotball. Nå er det på an igjen.

– Det er utruleg at det blir slik i år igjen, men me får ta det med oss og prøve å unngå det til neste år, seier dagleg leiar i Viking FK, Eirik W. Henningsen.

Eirik W. Henningsen

Eirik W. Henningsen er dagleg leiar i Viking FK.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Laga samarbeider

Kampane i eliteserien er bestemte lang tid i førevegen. Finalekampane i sluttspelet i ishockey er også planlagde for lenge sidan, men at Oilers skulle vera med blei først klart for ei veke sidan.

Det laga har klart å bli samde om er å halda publikum oppdaterte, minutt for minutt, om korleis det går i den andre kampen. Så ingen skal gå glipp av resultatet og av kven som skårar måla.

Vanskeleg val for mange

– Utan å vite det sikkert vil eg tru at mellom 500 og 1000 personar er faste publikummarar både hos Viking og hos Oilers, seier dagleg leiar i Oilers, Kjetil Bøe.

Dagleg leiar i Stavanger Oilers, Kjetil Bøe

Dagleg leiar i Stavanger Oilers, Kjetil Bøe.

Foto: Stavanger Oilers

Det er desse som står framføre eit vanskeleg val på onsdag kveld.

– Men truleg vel dei fleste oss, seier Bøe.

For det er meir som står på spel i ishockeyfinalen enn i ein tidleg seriekamp i eliteserien.

– Brannkampen er viktig

I Viking-leiinga gleder dei seg over å ha passert 9000 selde billettar til vestlandsderbyet mot Brann på onsdag. Dette talet inkluderer alle dei som har kjøpt sesongbillett, men også laussalet av kampbillettar er betre enn på ei stund.

Viking-Brann

Viking-Brann frå 2014-sesongen.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

I tillegg er det meldt om at 300 brannpatriotar kjem til Viking stadion på onsdag.

– Eg kan ikkje seie noko om kor store billettinntekter me misser som følge av at Oilers spelar på same tida, seier Viking-leiar Henningsen.

– Me får heller akseptere det og vera stolte av å ha to idrettslag i byen, som begge er i toppsjiktet i Norge, seier han.