Hopp til innhold

Vi kastar bort milliardar av kroner i året

I skuffer, skap og vesker ligg det tapte verdiar for opp mot 3 milliardar kroner. I form av utgåtte gåvekort. – Lite romantisk, men gi heller pengar, meiner professor.

Gavekort

Opp mot 3 milliardar blir kasta årleg bort på gåvekort vi mistar eller gløymer.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Du har sikkert opplevd det sjølv: Gåvekortet du fekk til jul i fjor skal brukast. Men kvar har det blitt av? Du leitar gjennom alt du har. Og så finn du det. Men då har det gått ut på dato. Pengar tapt for alltid.

– Eg er nok ein av dei skuldige. Det har forsvunne ein del pengar ut i ingenting. Dessverre, seier Anita Vikingstad.

Anita Vikingstad

Anita Vikingstad har tapt pengar på utgåtte gåvekort.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Ho er ute og handlar julegåver til familien. Også Robin Pawlica er i same ærend.

– Eg har rett og slett gløymt at eg har gåvekort liggande. Det er skikkeleg drit når du finn ut at dei har gått ut på dato, seier han.

Dei to juleshopparane er langt frå åleine om å ha tapte pengar på gløymde gåvekort.

Opp mot 3 milliardar

Det er nærast umogleg å finne ut nøyaktig kor mange utgåtte gåvekort som ligg rundt om i norske heimar. Men professor Ola Grytten ved Noregs handelshøgskole har rekna på det,

– Rundt 30 prosent av gåvekorta blir liggjande unytta. Nokon er det også restbeløp på som ikkje blir brukt. Det betyr at per i dag er det mellom 2,5 og 3 milliardar som held fram med å vere unytta av dei som får gåvekort i gåve, seier Grytten.

Ola Grytten 05.10.2022

Ola Grytten er professor ved Noregs handelshøgskole.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Han meiner derfor det kan vere betre å overføre pengar som gåve.

– Det er kanskje ikkje så romantisk. Men då kan ein heller skrive eit fint kort og legge ved, seier professoren.

Totalt vil det bli handla for 66 milliardar kroner i desember, viser prognosen frå Virke.

Og ein del av pengane bruker vi på gåvekort.

Bestilling på 775.000

Dei som tener på at vi bestiller gåvekort vi ikkje bruker, er handelsstanden.

– I går fekk eg inn ei bestilling på 775.000 kroner frå eit firma. Det er heilt fantastisk, seier dagleg leiar i Haugesund sentrum, Geir Jakobsen.

Geir Jakobsen, daglig leder, Haugesund sentrum

Geir Jakobsen, dagleg leiar i Haugesund sentrum.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

I år har han trykt opp 2000 gåvekort til årets julehandel. Han veit at nokre av gåvekorta aldri blir brukte.

– Det er jo det hyggelege for oss, seier han.

Han reknar med at rundt 3 prosent av alle gåvekort som blir kjøpte blir svinn.

– Men vi er ikkje vanskelege. Kjem det nokon med eit utgått gåvekort så sjekkar vi det, og skriv ut eit nytt, seier Jakobsen.

Gavekort under juletreet.

Berre i Haugesund sentrum har dei trykt opp 2000 gåvekort til jul.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Skal vare i tre år

Ifølgje Forbrukarrådet har du ikkje rett til å nytte gåvekortet når det gått ut på dato.

– Viss datoen på gåvekortet er gått ut, kan du spørje om det er mogleg å bruke det likevel. Men du må vere førebudd på at du får eit nei, seier jurist Thomas Iversen.

Foreldingsfristen på gåvekort er etter lova på tre år. Men det mange som opererer med kortare fristar. Nokon heilt ned i seks månader.

– Det er lov viss det står på gåvekortet, seier Iversen.

Jurist Thomas Iversen i Forbrukerrådet

Jurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbru

Han meiner folk bør leite i lommer og vesker etter gamle gåvekort som ikkje er gått ut.

– Då kan du kanskje finansiere julegåvene i år eller julemiddagen med eit gammalt gåvekort.

Anita Rognaldsen meiner fristar ned i seks månader er for lite.

– Det er heilt umogleg for meg i alle fall. Men av og til er eg flink og legg inn eit varsel i kalenderen på mobilen. Det hjelper, seier ho.