Hopp til innhold

Trur konsertframtida kan vere i dataspel

Det vart ein suksess då artisten Marshmello dukka opp i det populære spelet Fortnite. No trur fleire at virtuelle konsertar kan bli endå meir populært i framtida.

Marshmellokonsert Fortnite

FORTNITE-KONSERT: Slik såg det ut då Marshmello entra scena på det virtuelle spelet Fortnite.

Foto: TmarTn2 / YouTube

– Eg kom til konsertområdet, også såg eg ei svær scene og lys frå bakken. Plutseleg kom artisten Marshmello opp på scena og byrja å spele musikk, seier Simon Egeland Rovik (14).

Saman med over ti millionar andre var han vitne til noko heilt spesielt. Den aller fyrste konserten på det populære spelet Fortnite.

Fortnite

– HEILT UNIKT: Simon Egeland Rovik (14) fekk med seg konserten. Han synest det var ei unik oppleving.

Foto: Privat

I forkant av konserten blei det lansert på Marshmello si turnéliste at han skulle halde ein konsert i Pleasant park som er eit område i Fortnite. Like før konserten byrja vart våpen teke frå spelarane og det var ikkje mogleg å drepe andre spelarar medan konserten gjekk føre seg.

Artisten var på scena i ti minutt, og publikum dansa og kosa seg på det virtuelle konsertområde. I realiteten sat spelarane framfor ein skjerm med headset og mikrofon. Men det var likevel ein suksess.

– Det var ei unik oppleving, seier Egeland Rovik.

Det var Tek.no som omtalte saka fyrst.

Når ut til fleire

Enn så lenge er dette ei unik oppleving. Men i framtida vil vi kunne oppleve fleire virtuelle konsertar, meiner Ole Jørgen Nordvik, produsent og programleiar i P3 Gaming.

– Fortnite er eit spel som baserer seg mykje på popkulturen. Både med at figurane kan danse og sidan det er musikk i spelet. Eg er ikkje sjokkert over at konserten vart vellykka, seier Nordvik.

Via spel og andre populære trendar kan artistar nå ut til eit anna publikum enn tidlegare.

I etterkant av konserten la Marshmello ut ei melding på Twitter kor han takka publikum. Han var glad for at mange av tilskodarane fekk oppleve sin aller fyrste konsert.

Laster Twitter-innhold

Utvidar konsertkulturen

Tone Østerdal er dagleg leiar i Norske konsertarrangørar. Ho hadde ikkje høyrt om denne typen konsert før me tok kontakt med ho.

Tone Østerdal

SPENNANDE KONSEPT: Dagleg leiar i Norske konsertarrangørar synest virtuelle konsertar er eit spennande konsept.

Foto: Akershus fylkeskommune

Østerdal synest det er eit spennande konsept, men fryktar ikkje at virtuelle konsertar skal ta over for tradisjonelle konsertar.

– Eg trur slike konsertar kjem til å fungere som eit supplement til tradisjonelle konsertar, og på den måten vere med på å utvide konsertkulturen, seier Østerdal.

Egeland Rovik legg ikkje skjul på at han likte konsertopplevinga. På facebookgruppa Fortnite Norge, har fleire medlemmar skreve kor godt dei likte arrangementet.

– Det her var kule greier! Håpar vi får fleire slike arrangement i framtida, skriv eit medlem av gruppa.

NRK har prøvd å få kontakt med EpicGames og Marshmello utan hell.

Sjå video av konserten på Youtube.