Hopp til innhold

Trur halvparten vil stå utan læreplass

Mange av ungdommane som går boreteknikk på vidaregåande skule, kan koma til å stå utan lærlingplass til hausten. Oljenedturen får skulda.

Even Dahl er ein av dei som ikkje fekk læreplass i på plattform hausten 2015

Even Dahl er ein av dei som ikkje fekk læreplass på plattform hausten 2015.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Nedturen i oljeindustrien får no konsekvensar for ungdommane som har sikta seg inn på ein jobb i bransjen. Mange av dei som utdannar seg til å bli boreoperatørar ute på plattformane, kjem til å stå utan lærlingplass til hausten.

– Dersom eg skal vera veldig negative, så tippar eg at me vil stå igjen med rundt 80 elevar som står utan lærlingplass, seier Hanne Grethe Kvamsø, dagleg leiar i Opplæringskontoret for oljenæringa.

Totalt går 144 elevar andre året på denne linja, på skular frå Rogaland til Troms.

Går eit tredje år

Men mangel på lærlingplassar for framtidige boreoperatørar, har vore eit problem også dette skuleåret.

– Då me byrja på brønnteknikk så byrja det å gå nedover. Då datt jo lærlingplassane berre vekk, seier Even Dahl.

Børe Harestad er ansvarleg for VG3 brønnteknikk på Stavanger offshore teknisk skole.

Børge Harestad er ansvarleg for VG3 brønnteknikk på Stavanger offshore tekniske skole. På sida står Oddvar Skjæveland, som er direktør for Ullrigg bore og brønnsenter.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han er ein av elevane på boreteknikk som ikkje fekk lærlingplass i fjor haust. No går han eit tredje år på Stavanger Offshore tekniske skule, og i staden for å vera ute på ein plattform får han og 11 andre elevar opplæring på testriggen Ullrigg i Stavanger.

Dette tredje året skal erstatte to år i lære, og han vil kunne sitte igjen med eit fagbrev når året er omme.

– Opplegget er godt nok. Det er veldig erfarne folk som jobbar her på Ullrigg, og på andre bedrifter der dei blir utplasserte, så eg meiner dei er velkvalifiserte til å jobbe offshore etter dette året, seier lærar Børge Harestad.

Står sterkare med læreplass

Men Hanne Grethe Kvamsø trur det blir vanskelegare for desse elevane å få jobb i framtida.

Ullrigg testrigg på Ullandhaug ved Stavanger

Ullrigg testrigg på Ullandhaug ved Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Dersom ei bedrift får høve til å ha ein elev i to år, og lærar den eleven å kjenne, så er det nok eit større sannsyn for at dei tilsett den, i staden for ein elev som har gått VG3 i skule, og som ikkje har vore ute i ei bedrift.

Men Even Dahl og dei andre skulekameratane hans på tredje året brønnteknikk, meiner dei skal klare seg bra likevel.

– Me får jo gått gjennom det same, og så har me mange veke med praksis, og fleire kurs som ein ikkje får offshore, seier Dahl.