Hopp til innhold

– Oljenæringa tek ikkje lenger alle lærlingane

Medan nedturen fortset for oljenæringa, jublar kommunane i innlandet. Auka produksjon, større investeringar og auka tilgjenge på lærlingar gjer framtida lys.

Odda-ordførar Roald Aga Haug

POSITIV: Odda-ordførar Roald Aga Haug (Ap) jublar over oppsving i ein næringsmarknad som ikkje er avhengig av olje.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– No støvsuger ikkje lenger oljeindustrien og subseamarknaden lokalsamfunna for lærlingar og ingeniørar. Det har me opplevd i mange år. No er det lettare å få tak i kompetent arbeidskraft, seier ordførar i Odda, Roald Aga Haug (Ap).

Hardanger-ordføraren var ein av få som såg med ein viss optimisme på det nye året, då fylkesrådmann Rune Haugsdal la fram næringsbarometeret for Hordaland i går.

For i mange år har andre næringar lidd under manglande tilfang på lærlingar. Nyutdanna har i stor grad søkt seg til oljenæringa. Men i den pågåande oljekrisa er trenden i ferd med å snu.

LES OGSÅ: Verktstedene lei av at oljebransjen kaprer bilmekanikerne

Svært få næringsaktørarar i fylket har forventningar om vekst i 2016, og pessimismen er no større enn under finanskrisa. Særleg næringslivet i området som har fått tilnamnet «Gullkysten», frå Sunnhordland til Nordhordland, er prega av pessimisme.

– Gullkysten sin trong for olje pregar næringsbarometeret, seier fylkesrådmannen.

Sterk framtidstru i Hardanger

Dei siste tiåra har pilene peika oppover på kysten i Hordaland. I mellomtida har stagnasjon og nedgang vore trenden i innlandet.

No er situasjonen ein annan, og felles for fjordkommunane er at ein er lite avhengig av olje og gass.

Investeringsiveren er høgare enn på fleire år, og no håpar ordførarane i Hardanger-kommunane at fleire skal få auga opp for industrien inst i fjordane.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

NEDGANG: Konsulentselskapet Menon anslår at staten har mista rundt 100 milliardar kroner frå 2014 til 2015. Fylkesrådmann Rune Haugsdal la fram dystre tal i går.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Surfar på vasskraft og fjordbruk

I Hardanger og Odda har ein lagt bak seg tunge tider.

LES OGSÅ: Spår færre arbeidsplasser i Hardanger i 2035

– Det er stor optimisme i mange næringar i Odda. Kraftforedlande industri går veldig godt. Selskapa har store overskot og store investeringsplanar, fortel Haug.

Ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp), fortel at gode tider innan fiskeoppdrett og tungindustri skapar optimisme i næringslivet i heradet.

– Me ser ein positivisme i næringslivet som er atypisk for det ein opplever på kysten. Havbruksnæringa går godt og tener pengar, og tungindustrien ved Elkem Bjølvefossen i Ålvik investerer. Næringslivet i Hardanger er ikkje gamaldags og utdatert, seier Ljones.

Spår tøffe år for ungdomen

Ordførar i oljeavhengige Lindås, Astrid Aarhus Byrknes (KrF), trur mange av innbyggarane går eit tøft år i møte. Særleg trur ordføraren oljeutfordringa vil gå ut over dei unge som er på veg inn i arbeidslivet.

LES OGSÅ: Lærlinger vet ikke om de får jobb

– Me må ha eit større fokus på ungdomar og lærlingar, og sjå om det er noko offentlege styresmakter kan hjelpa til med. Det er tøft for ungdomar som kan mista sin lærlingplass fordi verksemdene ikkje har nok jobbar, seier Byrknes.