Hopp til innhold

– Kan bety slutten for symjeidretten

Kruse Smith AS og Hinna Park AS trekkjer seg frå samarbeidet med Stavanger kommunen om å bygge eit folkebad i Jåttavågen. Symjarane fortvilar, medan partiet Venstre er letta.

Planene om folkebad i Stavanger er skrinlagt, fordi Kruse Smith og Hinna Park trekker seg fra samarbeidet med kommunen. I byens utendørsbasseng var det i dag mange svømmere som fortvilte.

VIDEO: Svømmarane vil ha nytt 50-meters basseng i Jåttåvågen, men no kan det ta lengre tid å få det realisert.

– Det at dei no trekkjer seg gjer at eg tek eit lettens sukk. Dette hadde me lita tru på, seier Per A. Torbjørnsen som sitt i bystyret i Stavanger for Venstre.

Kruse Smith AS og Hinna Park AS har informert Stavanger kommune om at dei ikkje lenger ynskjer å arbeide vidare med det offentleg-private samarbeidet (OPS) om folkebad i Jåttavågen. Årsaka er at situasjonen på marknaden og dei økonomiske forutsetnadane er annleis no enn det dei var då avtalen blei inngått.

Torbjørnsen er letta fordi han trur at samarbeidet kunne ha blitt dyrt.

Per A. Thorbjørnsen

Per A. Torbjørnsen i Venstre er letta over avgjersla.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

– Det hadde sannsynlegvis blitt ei dyrare ordning enn om me skulle ha bygd dette ut i reint offentleg regi. Og det hadde vore ein ryddigare modell å teke dette i samarbeid med andre kommunar, i staden for private aktørar, meiner han.

– Forferdeleg trist

Svømmealliansen reagerer derimot kraftig på at det ikkje blir noko av samarbeidet.

– Eg synst det er forferdeleg trist og leit at når me no nærma oss målstreken må byrje på nytt, seier Odd Svensen leiar i Svømmealliansen.

Han seier at behovet for eit nytt 50 meters basseng med stupeanlegg er stort. Symjebasseng-kapasiteten i Stavanger er sprengt, og mange symjarar håpa på eit nytt folkebad. No er Svensen redd for at det vil ta lang tid før det kan bli ein realitet.

– Eg håpar inderleg at det ikkje blir sett ein sluttstrek for prosjektet, for det vil bety meir eller mindre døden for symjeidretten i Stavanger. Og då håpar eg at dei ser på eit forenkla opplegg, seier Svensen.

Odd Svensen

Odd Svensen, leiar i Svømmealliansen.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Svømmealliansen meiner at politikarane no må skrinlegge nye Gamlingen, og heller bruke pengane på eit nytt folkebad, fordi det er eit større behov for eit innandørsbasseng.

– Situasjonen for symjeidretten slik den er i Stavanger i dag er at me ikkje har eit treningsgrunnlag på like fot med resten av symjenorge.

Vil ta lenger tid

Venstre er framleis for eit nytt folkebad. Men seier at det berre er behov for eitt 50 meters basseng, og eitt stupeanlegg i regionen. Difor bør kommunane gå saman om å finansiere eit slikt anlegg.

– Folkebadet skrik etter ei interkommunal løysing. Men så langt har ikkje det vore mogleg, seier Torbjørnsen.

Difor trur han også at det no vil ta lenger tid å få bygd eit folkebad i Jåttåvågen.

– Det trur eg. Eg trur nok me startar denne prosessen på nytt igjen. Men hovudårsaka til det er at det ikkje blei tenkt som eit interkommunalt samarbeid frå byrjinga av, seier han.

– Vil Venstre no jobbe for å få til eit interkommunalt samarbeid for eit nytt folkebad?

– Det ville ha vore eit naturleg initiativ å ta. Men eg ventar på no kva som kjem fram i rådmannens sitt forslag til budsjett som kjem neste fredag.