Hopp til innhold

Fryktar bompengesmell og utsette prosjekt

Innføringa av den nye bompengeordninga i stavangerområdet er framleis bak skjema. Det set nye kollektivprosjekt i fare, varslar leiaren av samferdsleutvalet i fylket.

Trolleybuss i Hillevåg

Bussvegprosjektet mellom Stavanger, Sola og Sandnes skal stå klar i 2021 etter planen. Dette er blant prosjekta som nå kan bli utsette på grunn av utsette bompengeinntekter.

Foto: Rogaland fylkeskommune/Illustrasjon

Planen til politikarane er å innføra den nye bompengeordninga, Bypakke Nord-Jæren, 1. januar 2018.

Det er denne som skal finansiera kollektivutbygginga på Nord-Jæren dei neste 15 åra.

Med dei nye bomstasjonane blir rushtidsavgifta dobla frå 20 til 40 kroner mellom klokka 07 og 09 om morgonen – og klokka 15 og 17 på ettermiddagen.

Men mangel på behandling i samferdsledepartementet gjer det vanskeleg å halda tidsfristen. Leiaren av samferdsleutvalet i fylket, Arne Bergsvåg (Sp), er utolmodig.

– Me er på overtid, så er eg uroa for tidsfristen. Ein kan ikkje starta innkrevjinga før bomringane er på plass, seier Bergsvåg.

Kan få konsekvensar for veg- og kollektivprosjekt

Arne Bergsvåg

Arne Bergsvåg ber samferdsledepartementet få farten opp slik at den nye bompengeordninga på Nord-Jæren kan tre i kraft i. januar 2018 som planlagt.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det er tidlegare kjent av bompengeordninga ikkje kjem til behandling i Stortinget før til hausten. Men det kan bli ytterlegare forseinkingar om ikkje departementet får fortgang på arbeidet sitt, ifølge Bergsvåg.

– Vegvesenet treng eitt år på å legga til rette for dei nye bomstasjonane. Dei får ikkje starta arbeidet sitt slik status er nå.

Forseinkingane kan få konsekvensar for viktige veg- og kollektivprosjekt i Rogaland, ifølge Bergsvåg.

– I verste fall får ein ikkje inn dei pengane som var planlagt. Det vil forseinka dei planlagde prosjekta.

Den nye bussvegen og den nye sykkelstamvegen er eksempel på prosjekt som kan bli utsette.

– Men det finst kanskje bilistar som har lite imot å sleppa unna med mindre bompengar ei stund til?

– Det vil sikkert vera delte meiningar om dette, men me har eit system med bompengar. Kjem ikkje desse inn, blir det ikkje vegutbyggingar. Eg trur alle er innstilte at me nå treng eit løft, seier Bergsvåg.

Ikkje veldig bekymra

Gottfried Heinzerling

Samferdslesjef Gottfried Heinzerling trur det er like før Bypakke Nord-Jæren blir behandla i Stortinget.

Foto: NRK

Samferdslesjef Gottfried Heinzerling i Rogaland fylkeskommune er ikkje like uroleg som Bergsvåg. Han viser til departementet som skal ha sagt at stortingsproposisjonen er like rundt hjørnet.

– Det betyr at det ikkje er lenge til saka kan leggast fram for Stortinget. Eg stoler på at det skjer og er ennå ikkje veldig bekymra. Men tida er knapp og drar det ut får me eit problem.

NRK var fredag i kontakt med samferdsledepartementet for å få ein kommentar til saka, utan å lukkast med det.

Flere nyheter fra Rogaland