Dei siste månadene har inntektene frå bomringen på Nord-Jæren falle kraftig. I ei tid med permitteringar og oppseiingar i fleire bransjar, er det færre som køyrer gjennom bommane.
– Me merker jo at folk køyrer mindre på jobb ved at inntektene til bompengeselskapet har gått veldig kraftig ned nå i det siste, seier styreleiar i bompengeselskapet, Pål Morten Borgli frå Framstegspartiet.
Inntektene har gått meir ned enn talet på passeringar. Det trur Borgli skuldast at fleire køyrer elbil, og at folk er meir bevisste på timesregelen og planlegg køyringa betre.
Held denne utviklinga fram, kjem inntektene i bomringen i år til å bli fem prosent lågare enn i fjor.
Kan ramme neste bompengepakke
Det trur ikkje Borgli at kjem til å få særlege konsekvensar for finansieringa av dei veg- og kollektivprosjekta som ligg inne i den nåverande bompakken. Men den neste pakken frå juni 2017, som skal ta inn 1,7 milliardar kroner i året frå bilistane, kan det spøkje for, trur han.
– Det er jo eit tankekors. For i den nye pakken er det rekna med at inntektene skal auka enormt mykje. Der har jo dei andre partia også vedteke at takstane skal auka, så då vil det slå ut enno meir, seier Borgli.
Arne Bergsvåg frå Senterpartiet som leiar samferdsleutvalet i fylket og høyrer til fleirtalet, vil derimot ikkje vere med på at det skal bli vanskeleg å få inn 1,7 milliardar i året i bompengar på Nord-Jæren frå sommaren 2017.
– Reknar med nullvekst i trafikken
– Sjølv om det no er nedgang i aktiviteten på Nord-Jæren, trur eg ikkje me skal grave oss ned og seie at det er noko som vil vare langt fram i tid. Eg er heilt sikker på at aktiviteten vil ta seg opp att, seier han.
Bergsvåg viser og til at det i Bypakke Nord-Jæren frå 2017 er lagt til grunn nullvekst i biltrafikken.
– Ein ser jo ikkje for seg at det skal vera ein stor auke i trafikken, heile hensikta er jo å få til ein nullvekst. Det ligg også inne i utrekningane for inntektene, seier han.
– Skrinlegg heile greia
Styreleiar i bomselskapet, Pål Morten Borgli frå Frp, stemte mot planen om å ta inn om lag 25 milliardar kroner på 15 år. Han vil ha vekk heile bompengepakken:
– Eg håper jo at både Stortinget og fylkestinget ser at dersom nedgangen i vår region held fram og arbeidsløysa aukar, må den planlagde bompengeringen frå 2017 revurderast. Eg håper dei rett og slett set ein strek over heile greia, for det er tøft nå for sysselsettinga i regionen vår.