Hopp til innhold

Fann radioaktivt støv i E39-tunnel

Statens vegvesen stoppar arbeidet med å skifte vatn- og frostsikring på E39 i Byfjordtunnelen. Årsaka er at dei har funne radioaktivt støv bak takplatene i tunnelen.

Fotoboks ved Byfjordtunnelen

Trafikken går som normalt i Byfjordtunnelen, men arbeidet i tunnelen er sett på vent.

Foto: Statens vegvesen

– Vi har vore i kontakt med Statens strålevern for å få råd om korleis vi bør handtere materialet. Den planlagde oppgraderinga blir stoppa til etter 17. mai, opplyser prosjektleiar i Statens vegvesen Truls Kolnes, i ei pressemelding.

Det er målingar som er gjort bak takplatene som viser at støvet er radioaktivt, men det skal likevel ikkje vera snakk om høge målingar.

Difor er det ingen fare for trafikantar å køyre gjennom tunnelen, så trafikken går som normalt.

Likevel anbefaler Statens strålevern dei som arbeider i tunnelen å bruke støvmaske.

Takplatene blir no levert til mottak som er godkjent for å ta imot radioaktivt avfall.

Arbeidet med å oppgradere Byfjordtunnelen starta 9. mai, og skal etter planen halde fram til hausten.

Flere nyheter fra Rogaland