Hopp til innhold

Tom Cruise hyller noregspremieren av MI6

I innlegg på sosiale medium takkar filmstjerna alle som gjekk til Preikestolen for å sjå «Mission Impossible – Fallout» i natt.

tom cruise preikestolen

Tom Cruise hengande på Preikestolen. Innspelinga av MI6 var i november 2017.

Tom Cruise var invitert til å delta på premieren, men hadde ikkje anledning til å delta. Noko han kanskje angra på i ettertid.

Torsdag kveld delte han bilete frå utekinoen på Preikestolen, på sin private instagramkonto med over to millionar følgarar.

– Eg skulle ønske eg var der, skriv han under blide.

1800 tilskodarar såg i natt den spektakulære noregspremieren av «Mission: Impossible – Fallout» på fjellplatået Preikestolen i Rogaland.

Innlegget har til no over hundre tusen "likes" og 1600 kommentarar.

– Er dette ekte, skriv ein av dei som kommentert.

– Dette er episk, melder ein annan.

Utekino på Preikestolen

Bilde og innlegget Tom Cruise delte på sin private instagramkonto i kveld.

Foto: skjermdump

Samstundes delte han også bilete på Facebook.

Suksess i England

MI6-stjerna er ikkje den einaste som er imponert over arrangementet i Lysefjorden.

Norsk reiselivsbransje fauk inn fleire internasjonale medium til Preikestolen til premieren, og no gjev det resultat.

MI6-premiere på Preikestolen 01.08.2018

Spektakulær utekino på Preikestolen.

Foto: Pål Berg Mortensen, NRK

Daily Mirror som er blant Storbritannias største tabloidaviser publiserte i dag ein lengre artikkel om kinoopplevinga.

– Me snakkar mørkeblått vatn, pulserande grøne bakkar og fjell som utgjer det omfattande landskapet. Preikestolen ligge så høgt at den gjev inntrykk av at publikum omtrent sat midt i skyene. Me trudde ikkje me fekk til å fokusera på filmen i ein så spektakulær setting, skriv Daily Mirror.

Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Helge Kjellevold, seier at noregspremieren på Preikestolen er ein gest til lokalsamfunnet.

– Dette er eit ikkje-kommersielt arrangement, og ein fin avslutning på «Mission: Impossible 6»-innspelinga, fortel han.

Rett etter klokka to i natt var filmvisninga ferdig, og publikum tok fatt på turen ned frå fjellet.

Flere nyheter fra Rogaland