Hopp til innhold

Tina Bru blir klappa inn av oljenæringa: – Har god innsikt

Ho melde seg ut av kyrkja fordi biskopane var for miljøvennlege, men har samstundes bede oljebransjen bli meir framtidsretta og sleppe ut mindre. Tina Bru (33) er ny olje- og energiminister.

Olje- og energiminister Tina Bru (H) under nøkkeloverrekkelsen i olje- og energidepartementet

Tina Bru (H) på plass i sin nye jobb fredag. Stortingsrepresentanten frå Rogaland blir den tredje olje- og energiminister frå oljefylket.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Torsdag blei det kjent at det er rogalandspolitikaren Tina Bru som skal bli ny olje- og energiminister. Fredag fekk ho nøkkelen til sitt nye kontor, og ba journalistane vente litt med spørsmåla fordi ho ville seie nokre ord.

– Då Sylvi Listhaug tok over dette departementet, sa ho at dette var draumejobben. Eg må innrømme at det òg er ein draumejobb for meg, sa Bru då ho var på plass på sitt nye kontor.

Det er lett å tru henne på. Bru er ikkje fødd i oljefylket, men har brukt mykje politisk kapasitet på energisaker dei siste åra. I 2015 melde ho seg ut av kyrkja etter at biskopane Tor B. Jørgensen og Olav Øygard tok til orde for å ikkje hente opp olje og gass av klimaomsyn. Avgjerda fekk ho pepar frå Bellona for.

Etter det har ho kanskje oftare snakka i rommet mellom ytterpunkta i klimadebatten. Ho har meint at oljebransjen må bli meir framtidsretta. Ho har tatt til orde for at politikarane skal kutte utslepp, men at ein samstundes må skunde seg sakte.

Avtroppende olje- og energiminister Sylvi Listhaug (Frp) og påtroppende olje- og energiminister Tina Bru (H)

Tina Bru fekk nøkkelen til kontoret av Sylvi Listhaug, som berre har vore statsråd i Olje- og energidepartementet sidan desember. Gründer og investor Ståle Kyllingstad håper Bru får bli i jobben lenger enn dei siste før henne.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

I november kravde ho ein utsleppsfri norsk sokkel innan 2050, og helst før 2035. Ein skulle nesten tru ho visste kva Equinor og partnarane bestemte i januar i år.

I næringa som er viktig i Bru sitt heimfylke er det lovord å hente.

– Dette er særs positivt. Ho har vore tett på oljeindustrien i mange år, seier gründer og investor Ståle Kyllingstad.

Kyllingstad ser henne dessutan som ein som ser både problem og løysingar i klimaspørsmålet – og at det er ein god eigenskap.

Ståle Kyllingstad

Ståle Kyllingstad har mykje godt å si om den nye Olje- og energidepartementet. Det at ho er fødd i 1986, kommenterer han slik: – Alder er ikkje ein kvalifikasjon, seier han.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Vi trenger myndigheitene på lag. Det er om lag 200.000 arbeidsplassar i denne næringa. Eg håpar og trur at ho ser problema, og legg til rette for dei forandringane vi må gjere.

Konserntillitsvalt for Safe i Equinor, Bjørn Asle Teige, trekker òg fram Bru sin kunnskap.

– Dette er bra for næringa. Ho har god innsikt i energimarknaden, og tankar for klimautfordringane, legg han til.

Naturvernforbundet forventar at Bru held seg unna iskanten.

– Her forventar vi at den nye ministeren baserer seg på den oppdaterte kunnskapen, slik at de mest verdifulle havområda i Barentshavet blir beskytta. Dette betyr å lytte til miljøfaglege råd og verne heile iskantsona mot oljeverksemd, seier leiar Silje Ask Lundberg

Dei vil òg at ho sparer energi framfor å produsere han.

– Vi ønsker oss ein olje- og energiminister som sørger for at vi når målet om 10 TWh energisparing i bygg innan 2030. For å oppnå det, trenger vi ein storsatsing på energieffektivisering, både i næringslivet, det offentlege og heime hos folk. Dette er konfliktfri kraft, seier Ask Lundberg.

Tina Bru på Slottsplassen etter utnevnelsen av nye statsråder januar 2020

Tina Bru på Slottsplassen saman med mellom andre partikollega Torbjørn Røe Isaksen (t.h.), som blir ny arbeids- og sosialminister.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

På den meir ikkje-olje-faglege sida hugsar kanskje fleire at Bru på sitt vis har vore engasjert i kvinnesak, og er blitt kalla borgarleg feminist. Saman med Henrik Asheim og Peter Christian Frølich står ho bak podkasten Stortingsrestauranten.

Og som ein av «dei unge» politikarane i Stavanger bystyre i 2012 tok ho eit oppgjer med Ap-veteran Olav T. Laake då han ville ha ein slutt på at politikarane tvitra under bystyremøta.

Og apropos ung. Bru er fødd i 1986. Det har Ståle Kyllingstad meiningar om. Eller, sagt på ein annan måte: Det har han ikkje.

– Alder er ingen kvalifikasjon i mitt hovud. Det er kva meiningar folk står for, konstaterer han.