Hopp til innhold

– Dei som har gjort dette må vera hjernedaude

Nokon har i natt måla hakekors på ein av steinane i Gloppedalsura i Rogaland – der den norske hæren kjempa mot tyske soldatar i 1940.

Hakekors på Gloppedalsura

Hakekorset er måla like i nærleiken av krigsminnesmerket etter nordmennene som kjempa mot tyskarane i Gloppedalsura i 1940.

Foto: Kurt Erik Sele

Like før klokka sju tysdag morgon oppdaga Kurt Erik Sele at nokon i løpet av natta har vore ute med målingsspannet ved Gloppedalsura som ligg i Bjerkreim og Gjesdal kommune.

Hakekors i Gloppedalsura

Hakekorset har nå blitt fjerna.

Foto: Kurt Erik Sele

– Eg skulle på jobb og såg plutseleg eit svært hakekors. Målinga var framleis blaut, så eg går ut frå at det var ganske ferskt, seier han til NRK.

Det var Gjesdalbuen som først omtalte saka. I tillegg til hakekorset var det skrive «Refugees not welcome» på skilt ved kafeen Byrkjedalstunet.

– Dei som har gjort dette må vera hjernedaude. Folk kan meine kva dei vil, men å tilgrisa andre sin eigedom på denne måten er gale, seier han.

Historisk slagplass

Gloppedalsura var arena for ein kamp mellom den norske hæren og tyske invasjonsstyrkar i april 1940. Helge Hundeide har laga dokumentarfilmen «13 dager i april» og skrive boka «Aprilnatt» om slaget der 89 tyske soldatar blei drepne eller såra.

Han blir svært overraska over nyheita om at nokon har måla eit hakekors på den eine steinen.

– Ein kan tenka seg to ting. Anten vil nokon heidra dei tyske soldatane som falt her, eller så er det reine gutestrekar, seier Hundeide til NRK.

Politiet blei varsla om tilgrisinga like etter.

– Me har fått inn melding og snakka med dei som er ansvarlege for vegvedlikehaldet. Dei skulle fjerna målinga. Det er ikkje oppretta sak, så me gjer ikkje meir med dette nå, seier operasjonsleiar Brit Randulff ved Sør-Vest politidistrikt.

Flere nyheter fra Rogaland