Hopp til innhold

Stein raste gjennom tak: – Det gav ein uggen følelse

Ein bygning og ein bil i nærleiken av Kongeparken på Ålgård er treft av eit steinsprang. Om lag 20 personar er evakuerte frå Gjesdal kommune sine lokale.

Stein i bil på Ålgård i Gjesdal

Politiet ved bilen som blei treft av ein stein på Ålgård måndag.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog / NRK

Det skal ikkje vera personskadar, men bygningen har materielle skader, opplyser politiet til NRK.

Steinen trefte ein bygning kor Gjesdal kommune har kontorlokale. Kommunen skal vurdere vidare tiltak.

Årstein Skjæveland er kommunalsjef for kultur og samfunn i Gjesdal.

Bygget evakuert

Dei om lag 20 tilsette er nå evakuert frå bygget Skjæveland jobbar i.

Stein trefte bygning og bil på Ålgård i Gjesdal

Ingen var på kontoret då steinen gjekk gjennom taket rett etter klokka 11.30.

Foto: Privat

– Bygget er evakuert, så me kjem ikkje inn der nå. Folk hadde lunsj i fellesområdet. Dei høyrer eit brak, så sjekkar dei og ser ein stein eller to og ein vraka bil. Så går dei inn på kontoret og ser at det ligg ein stein der.

Han var ikkje sjølv til stades då det skjedde.

– Det gav ein uggen følelse.

Han seier kommunen har kontakta forsikringsselskap og alle etatar som bør bli varsla.

Steinar som fotballar

– Det er også geoteknikar på veg som skal greia ut kor alvorleg dette er og kva me må gjera vidare. Alle tilsette er sendt heim på heimekontor eller i andre lokale, seier Skjæveland.

Stein trefte bygning og bil på Ålgård i Gjesdal
Foto: Hanne Høyland / NRK

Siri Sægrov Eiane er beredskapsansvarleg i kommunen.

– Ingen var på kontoret på dette tidspunktet. Vi sat og åt lunsj då vi høyrde ein veldig lyd. Vi gjekk ut og såg steinar på storleik med ein fotball, seier ho til Gjesdalbuen.

Stein trefte bil på Ålgård i Gjesdal

Stein inne i bilen som stod utanfor Gjesdal kommune sine lokale.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog