Hopp til innhold

Talet på kunde­klubbar har eksplodert, men kven er det eigentleg som tener på det?

Anten er du lukkeleg tilbodsjeger eller så kjenner du blodet bruse av spørsmålet: «Er du medlem i kundeklubben?» Men butikkane inviterer deg ikkje for å vere raus.

Tilbud Nille

BERRE FOR MEDLEMMANE: Sjokoladen kan bli billigare, men då må du melde deg inn i kundeklubben. Svarar det seg eigentleg?

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Kitch'n, Feel, Nille, Hennes & Mauritz.

Elisabeth Aarvik ramsar opp alle kundeklubbane ho er med i.

Få minuttar før NRK møter henne på kjøpesenteret Markedet i Haugesund har ho meldt seg inn i nok ein klubb.

– Eg skulle ha lys og fekk 20 prosent på dei om eg blei med i kundeklubben. Eg trur eg er med i alle klubbane nå, smiler ho.

Elisabeth Aarvik

Elisabeth Aarvik melder seg gjerne inn om ho får eit godt tilbod.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Men det er ikkje alle som er like glade i kundeklubbar som Aarvik.

Ole Jacob Madsen for eksempel.

– Dersom eg seier kundeklubb, kva skjer då?

– Blodet brusar litt og eg kjenner på ein mild irritasjon.

Madsen jobbar som psykologspesialist på Universitetet i Oslo. Nyleg uttrykka han sin frustrasjon over alle kundeklubbane i ein kronikk i Aftenposten.

Han hadde konsekvent takka nei på alle spørsmål om medlemskap i kundeklubbar.

Ole Jacob Madsen

Ole Jacob Madsen skulle ønske verda hadde færre kundeklubbar.

Foto: Tor Stenersen

Og kunne knapt gå nokon stad før spørsmålet dukka opp: «Er du medlem i kundeklubben vår?»

Madsen saknar fleire kritiske røyster. Og gjerne litt motstand mot alle desse klubbane.

Det ser ut til at forbløffande mange seier ja og ikkje reflekterer over det. I ei ideell verd hadde ikkje kundeklubbane eksistert. Alle hadde fått den låge prisen utan å måtte utlevere mobilnummeret sitt og opplysningar om seg sjølv, seier han.

Men verda er ikkje ideell.

Og du bør vere kritisk, seier Forbrukarrådet.

Kundeklubbane finst ikkje for å vere grei

– Butikkane lagar ikkje klubbane av velgjerd, men for å binde kundane til seg og tene pengar på sikt, seier fagdirektør i Forbrukarrådet Olav Kasland.

Fagdirektør Olav Kasland i Forbrukerrådet

Fagdirektør i Forbrukarrådet Olav Kasland.

Foto: John Trygve Tollefsen / Forbrukerrådet

Også dei har merka ein eksplosjon av kundeklubbar.

– Du gir frå deg opplysningar som dei brukar til å spisse si marknadsføring inn mot deg, men det kan hende at du får gode kjøp, så dette er ei avveging forbrukaren må gjere, seier Kasland.

Også han får veldig mange førespurnader om å bli medlem når han er ute og handlar.

Kjedeleiar i Feel, Rita Hødnebø, skriv i ein e-post til NRK at kundeklubben er veldig viktig for å vise at dei set pris på kundane og for å formidle kampanjar og nyheiter.

Les også Dette blir dyrare når krona er svak

Illustrasjonsbilde av kredittkort.

Vinn-vinn for alle?

Men kven er det som tenar på det?

Dei som kjøper lys med 20 prosent avslag eller butikken?

– Vi har ein del studiar som samanfattar effektane av ulike lojalitetsprogram. Og jamt over verkar dei, seier Magne Supphellen. Han er professor i marknadsføring på Noregs handelshøgskole.

Magne Supphellen

Magne Supphellen er ekspert i merkevarebygging og sal.

Foto: Synne Sørenes

Han presiserer:

– I det store bilete er dette lønnsamt for butikkjedene. Sjølv om det kostar noko å gi rabatt vil dei tape meir på å ikkje ha kundeklubb, seier han.

Men kundane er ikkje nødvendigvis lojale mot butikken. Det er klubben som lokkar.

Har nabobutikken eit betre medlemstilbod melder dei seg inn der for å handle til rabattert pris, forklarar Supphellen.

Trur kundeklubb har kome for å bli

Men kan vi forvente ein motreaksjon i handelsstanden der kjedene tenker at dei ikkje skal ha kundeklubb?

– Dei forsvinn neppe. Då må ein ha noko anna som kundane opplever som ein fordel og som kompenserer for kundeprogram, seier Supphellen.

For slik det er nå opplever både kundane og butikkane at klubb er ein vinn-vinn-situasjon, ifølge professoren.

Tilbud Feel

Feel lokkar med nesten halv pris på serviettar om du blir medlem.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Og i dyrtid kan det gjerne svare seg å jakte på gode tilbod. Det har til og med Ole Jacob Madsen innsett:

– Inntil nyleg sa eg konsekvent nei, men så har eg byrja å tenke at ting har blitt dyrt og det var pengar å spare. Så nå seier eg ja til alle for å få desse rabattane. Men med den konsekvensen at eg får sms-ar og e-postar med tilbod i tide og utide.

Les også No ringer folk for å prute på renta

Finansrådgiver Eirik Gjerde