– At så mange faktorar påverkar folks økonomi negativt på same tid, er det ikkje mange som har opplevd før, seier dagleg leiar i Norsk familieøkonomi, Terje Hamre.
Det siste året har økonomane spådd rentetoppar fleire gonger, men ho held fram med å auke. Det er inflasjon og høge straum- og matprisar.
Og den norske krona er svak:
I 2013 kosta éin euro 7,8 norske kroner. I november i 2023 må vi ut med nesten 12 norske kroner for det same.
Dollarkursen i 2013 var på 5,8 norske kroner, medan ein amerikansk dollar kostar rett over 11 norske kroner i 2023.
I denne saka får du oversikt over korleis du kjem til å merke at krona er svak. Nedst i saka gir økonomar nokre tips om korleis du unngår å bruke meir pengar enn du treng.
Mat
Fleire varer i matbutikken er dyrare når krona er svak.
Foto: Martin Gundersen / NRKMykje av maten som blir seld i daglegvarebutikkane er produsert i Noreg, men ikkje alt.
– Vi importerer også ein god del mat. Ein del matvarer har vorte dyrare, seier Dag Jørgen Hveem, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder og BI.
Matvarebutikkane gjer sitt for å jamne ut marginane.
– Dei rullar ut ulike kampanjar, har prislås på utvalde varer og liknande. Dessverre er det også sånn at mange av varene som blir sette ned, eller som framleis er nokolunde rimelege, ikkje er blant det ein bør ete mest av.
Økte matpriser
Sammenligningen av matvarepriser og lønnsutviklingen sier noe om du får mer, mindre, eller like mye for pengene.
Når utviklingen på matvarepriser er høyere enn lønnsutviklingen betyr det at maten har blitt dyrere. Begge tallene er gjennomsnitt for angitt periode.
Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling
Klede og sko i butikk og på nett
Shoppeglad? Få ei oversikt over kvar kleda du vil handle kjem frå.
Foto: Camilla Veka / NRKEin del andre varer vi importerer frå utlandet har også vorte dyrare.
– Klede, sko og sportsutstyr er døme på dette, og det er veldig mykje som smittar over i prisane, seier Hveem.
Så langt i år har Noreg importert klede for over 22 millionar kroner, ifølgje SSB. Dette kjem vi til å merke både i butikk og på nett.
– Alle som handlar varer på nett frå utlandet merkar allereie no at prisane har vorte høgare, seier Hveem.
Dette gjeld alle importvarer til Noreg. Valutakursen er endra.
– Krona har svekt seg mot euroen med 21 prosent sidan 2021, og mot dollaren med 32 prosent. Det er høge tal, seier Hamre i Norsk familieøkonomi og legg til:
– Men vi har endå ikkje sett dette veldig tydeleg når det gjeld prisane. Der kan vi forvente at det vil stige endå meir.
Bygging av hus
Importerte materiale til bygging av hus, hyttar og større anlegg har vorte dyrare.
Foto: Truls KleivenOgså materiale er dyrare. Om du har planar om å byggje hus eller pusse opp, vil du kjenne det ekstra på lommeboka no.
– Dette har fleire grunnar. For det første gjer renteauken det dyrare å byggje. For det andre er ein avhengig av å importere varer for å byggje. Ein stor del innsatsvarer er importerte, og det betyr høgare byggjekostnader, seier Hveem.
Dette gjeld både hytter, hus og større anlegg.
Bustadlånet
Mange bustadlånstakarar kjenner på konsekvensane av ei svak krone.
Foto: Martin KiersteinPrisstiginga som følgje av den svake krona påverkar også rentene, ifølgje Hamre i Norsk familieøkonomi.
– Det er mange av oss som no vil slite med primært bustadlånet. Og vi kjem mest sannsynleg til å sjå ein ny renteauke i desember, seier han.
Styringsrenta i prosent
Styringsrenta settes åtte ganger i året av Norges Bank. Styringsrenta styrer rentene i bankene, og påvirker dine boligutgifter. Målet med å sette opp renta er at de høye prisene skal gå ned igjen.
Prognosen forteller oss hvordan Norges bank tror renta vil utvikle seg fremover.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
– Snart må vi jo sjå slutten på dette?
– Ein skulle jo håpe det. Men inflasjonen er høg, krona er svak og per no er det ingen strakstiltak mot dette. Ein må nok førebu seg på endå eit tøft år både rentemessig, inflasjonsmessig og prisvekstmessig.
Nye bilar
Ein ny bil frå Kina. Desse importerte varene vil også bli dyrare, trur Hamre.
Større kapitalvarer som bilar, vil også bli dyrare, ifølgje Hamre.
– Akkurat no ser vi ein priskrig på bilane, men vi kjem til å sjå at prisane kjem til å stige etter kvart, seier han.
Ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) kjem 2023 til å bli eit år med nybilsal langt under det vi har sett dei siste par åra. Også dei meiner auka renter og sterk prisvekst er hovudgrunnane til nedgangen.
I oktober vart det selt 28,9 prosent færre bilar enn same månad i fjor.
Utanlandsferien
Reise utanlands i romjula? Det kjem til å svi ekstra i lommeboka i år.
Foto: Petter Strøm / NRKFlybillettane har vorte dyrare. Det har også hotell og opphald når ein først er utanlands.
– For snaue ti år sidan var kursen nede på rundt 8 kroner for euroen. No bevegar vi oss mot 12 norske kroner for ein euro, seier Hveem.
Andre importvarer
Fordi krona er svak, vil alt av det Noreg importerer bli dyrare, forklarer økonomane.
Ei rekkje varer som blir brukt i det daglege, er del av importvarene til Noreg. Her finn vi alt frå møblar til dyrefôr.
Det er ikkje til å unngå: «Alt» har vorte dyrare.
Dette kan du gjere for å bruke mindre pengar
Økonomane har likevel nokre tips dersom du no ser etter måtar å bruke mindre pengar på.
– Mange som treng å setje opp budsjett og få betre oversikt over kva ein bruker pengar på i løpet av ein månad. Det er det viktigaste når ein byrjar å slite økonomisk, seier Hamre i Norsk familieøkonomi.
Terje Hamre i Norsk familieøkonomi.
Foto: Elise Pedersen / NRKDet første han råder om, er å sjå på faste trekk til abonnement og liknande.
– Om ein byrjar å sjå på det, er det mykje ein ikkje treng som blir trekt frå kontoen kvar månad.
Både han og Hveem meiner det er ein del å hente på å vere pris-selektive i butikken. Og mellom butikkar.
Dag Jørgen Hveem ved UiA og BI.
Foto: Torbjørn Brovold– Det er ein del å spare på daglegvarer og ein del andre varer. I det siste har vi sett historier om relativt store innsparingar for den medvitne forbrukaren, seier Hveem.
– Følg med på tilbod. Ikkje la deg freiste i butikken. Ha ei handleliste klar før du går på butikken, seier Hamre.