Hopp til innhold

Talet på insekt er kritisk lågt, meiner forskar: – Kan føre til økosystem-kollaps

Ingen har talt insekt i Noreg før, men forskarane er rimeleg sikre på at talet går tilbake. No har dei sett i gang fleire prosjekt for å telje insekta i landet.

Et insekt.

Det finst ingen offisielle teljingar av insekt i Noreg. Men no er det sett i gang fleire forskingsprosjekt: Eitt i Stavanger og eit landsomfattande som blir styrt frå Trondheim. Biletet viser insekt som forskar Alf Tore Mjøs fann då han tømde insektfella på Forus.

Foto: Odin Omland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er kritisk. Om Insekta held fram tilbakegangen, vil det føre til ein økosystem-kollaps. Så dramatisk er det. Insektmengda er under ein kritisk terskel, meiner forskar Alf Tore Mjøs ved Museum Stavanger.

I oppveksten var du kanskje på køyretur gjennom Noreg. Etter å ha køyrt ei stund merka du at frontruta ikkje var den same som då du starta.

Då såg han kanskje slik ut:

En frontrute på en bil har masse flekker på seg fra insekter som har truffet bilruta i fart. Det er nesten ikke mulig å se gjennom ruta.
Foto: Karl-Josef Hildenbrand / NTB scanpix

Men har du lagt merke til at dette ikkje skjer i like stor grad lenger?

Ein av grunnane til det er at bilane i dag er meir aerodynamiske enn bilane var på 90- og 2000-talet.

Ein annan grunn er at det er færre insekt.

Og akkurat det er ei større krise enn vi er klar over, ifølgje Mjøs.

Alf Tore Mjøs i Museum Stavanger sjekker insektsfelle på Forus.

Forskar Alf Tore Mjøs ved Museum Stavanger sjekkar insektfella han har sett opp ved Forus i Stavanger.

Foto: Odin Omland / NRK

Første insektteljing i Noreg

I 2019 sette han i gang eit prosjekt for å telje insekt i Noreg. Det har aldri blitt gjort i Noreg før.

– Insekta går tilbake. Men det er umogleg å talfeste det. Så det vi prøver å gjere i dette prosjektet er å etablere ei grunnlinje for framtidige undersøkingar, seier Mjøs.

I nesten tre tiår har forskarar i Nederland og Tyskland følgt med på insektbestanden i 63 naturreservat i Tyskland.

I 2017 kom konklusjonen i ein rapport. Den totale mengda insekt i dei 63 områda var reduserte med 75 prosent sidan starten av prosjektet i 1990.

Midt på sommaren var nedgangen på opptil 82 prosent.

Mjøs seier at kulturlandskapet i norsk natur ikkje kan samanliknast med Tyskland, og han håpar dermed at tala ikkje er like dramatiske her i Noreg.

Insektsfelle Forus og Museum Stavangers Alf Tore Mjøs.

Vi oppdagar stadig nye insektartar. Denne insektfella på Forus skal telje talet på insekt.

Foto: Odin Omland / NRK
Insekter i insektsfelle på Forus i Stavanger.

Insekt som har gått i fella.

Foto: Odin Omland / NRK

– Det er stor uvisse på korleis klimaendringane verkar inn. Insekt toler ein ganske avgrensa temperatur, men vi veit ikkje enno om dette er grunnen til at insekta forsvinn. Jobben vår er å lage eit samanlikningsgrunnlag, seier han.

Kan få katastrofale følgjer

Insekta utgjer ei svært artsrik og variert dyregruppe. Meir enn éin million insektartar er beskrivne på verdsbasis. Rundt 17.000 av desse er registrerte i Noreg, og vi oppdagar stadig nye artar.

Ifølgje Norsk institutt for naturforsking (Nina) speler insekt ei avgjerande rolle i dei fleste økosystem på kloden. Dei bryt ned plantemateriale slik at næringsstoffa kan brukast på nytt og er føde for andre dyr og fuglar.

Område hvor insektsfellene er på Forus

Ved dette næringsområdet på Forus har Alf Tore Mjøs sett opp insektfeller.

Foto: Odin Omland / NRK

I tillegg utfører insekta sentrale tenester som pollinering og regulering av skadedyr.

Konsekvensane av tap av mange insekt kan vere potensielt katastrofale, meiner Nina.

I 2020 starta Nina i Trondheim eit landsomfattande forskingsprosjekt der dei tel insekt. Elles ville dei ha famla i blinde, meiner forskar Anders Endrestøl.

– Som ein bolt i eit fly

Han er glad for at vi endeleg har byrja med slike forskingsprosjekt her til lands. For han støttar Mjøs i uttalen om at utan insekt ville sjølve økosystemet kollapse.

– Eg pleier å seie at kvar art er som ein bolt i eit fly. Det går bra om du tek ut nokon boltar. Men etter kvart byrjar flyet å riste, og til slutt vil det kollapse utan at vi kan seie akkurat kva art som forårsaka kollapsen, seier han.

Anders Endrestøl, NINA Oslo

Forskar ved Nina i Oslo, Anders Endrestøl.

Foto: NINA Oslo

Utfordringa i dag er at vi veit svært lite om korleis det står til med insekta.

Men ein ting vi veit, ifølgje Endrestøl, er at klima er jokeren.

Framandartar kjem stadig oftare inn frå Europa. Det vil gi eit anna artsmangfald i framtida enn det vi har no.

– Insekt som tidlegare har vore vanleg i Sør-Noreg, vil truleg ekspandere nordover. Det er mykje å ta omsyn til for å få gode tal på dette, meiner han.

Insekter. Døde.

Dette er nokre av insekta forskar Alf Tore Mjøs fann då han tidlegare denne veka tømde insektfella på Forus.

Foto: Odin Omland / NRK

Mjøs seier at vi allereie har byrja å sjå konsekvensar av insektnedgangen.

– Vi går ut frå at tilbakegangen av insekt heng saman med tilbakegang av insektetande fuglar som til dømes svaler og tårnseglarar, seier Mjøs.

Men det er håp, skal vi tru Mjøs. Insekt er nemleg takksame dyr å jobbe med. Og alle kan bidra.

– Dei formeirar seg raskt. Det handlar om å sjå moglegheita der dei er og vere litt klar over verdien av eit økosystem, seier han.