Hopp til innhold

Bondelaget vil at du skal betale meir for maten din grunna høge straumprisar

Matbutikkane bør skru opp prisane for å gjere norsk mat konkurransedyktig, meiner Bondelaget.

Denne veka måtte eit av dei største gartneria i landet sei opp 15 arbeidarar, sende permitteringsvarsel til 17 andre og kaste plantar som skulle blitt til ein halv million agurkar.

Alt grunna høge straumprisar, meiner gartneriet sjølv.

No vil Bondelaget at matbutikkane skal ta grep for å hindre at produsentar går dukken.

– Matvarekjedene må auke prisane, seier leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming.

– Gje forbrukarane eit val

Med høge straumprisar vert produksjonen av grønsaker i drivhus dyrare.

Om bonden ikkje får ein høgare pris enn vanleg, for til dømes agurkane sine, vil hen ikkje få hjula til å gå rundt, meiner Bondelaget.

Difor ynskjer leiaren at matvarekjedene skal tilby norske varer til ein litt høgare pris og gje meg og deg moglegheita til å velje norske produkt.

Bjørn Gimming

Leiaren i Norsk Bondelag meiner du og eg bør få velje å kjøpe dyrare norsk mat, om vi vil.

Foto: Noregs Bondelag

– Eg er skuffa over at daglegvarekjeder ikkje er villige til å spørje norske forbrukarar om dei vil ha norsk produksjon og om dei er villige til å betale det ekstra det kostar, seier Gimming.

Er du villig til å betale meir for mat om den er produsert i Noreg?

I tillegg til at bønder mister inntekt, meiner Gimming at ein står i fare for å kaste fullt brukbar mat.

I dag kom ein ny rapport som syner at Noreg ikkje har oppnådd målet om å hindre matsvinn.

– Prisen på maten i butikken må reflektere produksjonskostnaden. Når kostnadane stig ser vi to moglegheiter: anten å redusere norsk produksjon eller å løfte kostnaden vidare i marknaden. Det er ikkje noko anna alternativ, seier Gimming.

Kundane kjem først

Coop seier dei tykkjer det hadde vore veldig synd om produsentar gjekk dukken grunna den ekstraordinære straumsituasjonen vi no står i.

Samstundes peikar dei på at straumprisane også råkar hushaldningane – altso dei som skal kjøpe dei dyrare norske produkta Bondelaget ynskjer seg.

Coop sitt hovudansvar i denne samanheng er først og fremst å sikre varer til medeigarar og kundar til gode prisar, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen.

Harald Kristiansen, Coop Norge

Harald Kristiansen i Coop meiner kundar vil velje bort norske produkt om dei vert dyrare.

Foto: John Andreassen

– Er det aktuelt for dykk å skru opp prisane for å halde norsk mat konkurransedyktig?

Vi må forholde oss til marknaden; kundane vil velje bort norske agurkar om prisane vert sett kraftig opp. Auka prisar i butikk vil gjere norsk produksjon mindre konkurransedyktig. Det vil føre til auka grensehandel og at kundane et mindre frukt og grønt, seier Kristiansen.

Coop meiner saka må løysast mellom faglaga og myndigheitene – ikkje av matvarekjedene.

Hanne Meland

– Det er dyrt nok frå før, spesielt frukt og grønt. Det må jo vere ein balanse i alt, men kvar det veg tyngst veit eg ikkje, seier Hanne Meland.

June Roos

– Nei, det vert jo endå verre då, men eg skjønar dei jo, seier June Roos om Bondelaget sitt utsegn.

Norsk og berekraftig er ikkje alltid billig

Silje Sandmæl er forbrukarøkonom i DNB. Thea Olsen er det same i Danske bank. Dei meiner båe to at nokre, særleg unge, gjerne vil velje norske produkt.

Spørsmålet er om dei har råd til det.

– Dei unge vert meir og meir opptekne av berekraftige val, av dyrevelferd og kvar produkta kjem ifrå, seier Sandmæl.

Silje Sandmæl

Silje Sandmæl er forbrukarøkonom i DNB.

Foto: Stig B. Fiksdal / DNB

– Spesielt unge menneskje er opptekne av berekraft, men veldig mange unge har jo ikkje dei økonomiske ressursane til å velje dei dyre matprodukta, seier Olsen.

Forbrukerøkonom Thea Olsen i Danske Bank

Thea Olsen er forbrukarøkonom i Danske bank.

Foto: Sturlason AS Polyfoto / Danske Bank

For sjølv om unge på dei fleste målingar set berekraft og lokal handel høgt, er ikkje det den gruppa med sterkast kjøpekraft.

– Det er eit paradoks, men eg tenkjer at det veldig ofte er slik at ein går for det billigaste, seier Sandmæl.

Men ho meiner likevel at norske produkt er meir attraktive om prisen spelar ei mindre rolle.

– Legg to agurkar ved sidan av kvarandre, ein frå Spania og ein frå Noreg, til 15 kroner kvar, so trur eg alle hadde vald den norske, seier Sandmæl.