Hopp til innhold

Gartneri seier opp 15 personar på grunn av høg straumpris

På Jæren har 15 gartneriarbeidarar mista jobben, og i tillegg er 17 permitterte. Gartneriet må også kaste agurkplantar som kunne gitt ein halv million agurkar på nyåret. Straumprisen er årsaka.

Kåre Wiig

Kåre Wiig driv eit av dei største gartneria i Noreg, Wiig Gartneri på Jæren i Rogaland. Her har han akkurat tatt ein bit av ein agurk i eit veksthus kor han har skrudd av lyset på grunn av straumprisen.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det er dramatiske følger dette får, seier Kåre Wiig.

Han driv det 60 mål store Wiig gartneri i Klepp på Jæren, eit av dei største i landet.

Straumprisen er rekordhøg. Mange gjør nå ulike tiltak heime for å bruke – og dermed betale – minst mogleg. Både sove med dobbeltdyne og dusje på rekordtid er blant straumsparetips nordmenn tidlegare har delt.

Har sagt opp 15

Men kva om det ikkje var meir du kunne gjere for å bruke mindre straum? Slik er det for Kåre Wiig.

Wiig gartneri på Orre i Klepp kommune på Jæren.

Wiig Gartneri på Orre i Klepp på Jæren er 60 mål stort. Det gjer at det er eit av dei største gartneria i landet.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Viss han skrur av varmen, døyr levebrødet hans. Men når han må betale så mykje for straumen som han må i dag, tapar han pengar på å halde levebrødet i live.

Difor har han nyleg sagt opp 15 av dei tilsette på gartneriet. Tysdag sende han i tillegg permitteringsvarsel til 17.

500.000 agurkar

Agurk hos Wiig Gartneri

Agurkane på biletet kjem ikkje til å leve opp. Dei skulle blitt selde rundt Bergen.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK

Han skal også kaste agurkplantar som skulle gitt agurkar på nyåret. 10.000 kvadratmeter med plantar kunne gitt 25.000 vaksne plantar og truleg ein halv million agurkar.

– Det blir det dessverre ikkje noko av, seier han, som har medkjensle med arbeidsfolka sine.

– Men vi har ikkje råd til å lønne dei når situasjonen er slik han er i dag, forklarer han.

Wiig er ikkje den einaste.

– Mange har valt å la vere å sette ut plantene, seier Hallstein Aase i Norsk Gartnerforbund, som sjølv er agurkprodusent på Jæren.

Agurkane som skulle blitt mat, men i staden kjem til å døy før dei blir ferdige, skulle blitt selde gjennom Coop i bergensområdet. Ifølge Wiig kjem det likevel til å vere agurkar i butikkane der.

Kåre Wiig

Kåre Wiig skal også skru av lyset i fleire veksthus med agurkplantar. Agurken på biletet skulle bli hausta om nokre få dagar.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dei får nok agurkar, men dei kjem til å vere importerte. Eg vil påstå at dei ikkje har like god kvalitet som dei norske, seier han.

Noko redusert produksjon

Også i 2013 skapte straumprisen problem for veksthusnæringa. For halvannan månad sidan varsla fleire at dei kunne komme til å redusere produksjonen, men sidan har straumprisen gått ytterlegare opp.

Agurkplanter hos Wiig Gartneri

Heller ikkje desse plantane kjem til å leve heile det livet dei kunne levd. Desse skulle gitt agurkar på nyåret.

Foto: Erik Waage / NRK

Gartnerhallen tar imot grønsaker frå om lag 1000 produsentar over heile landet. Produkta sel dei vidare til Norgesgruppen og Bama.

Konsekvensane hos Wiig er ikkje overraskande for dei.

– Mange av veksthusprodusentane som leverer til oss er no svært usikre på kva dei skal gjere. I augneblinken er biletet av energiprisane ekstremt, seier Kai Knutsen, konstituert administrerande direktør i Gartnerhallen.

Vi har klart å halde produksjonen oppe inntil vidare, men vi merkar ein reduksjon, legg han til.

Coop har varsla at dei vil kommentere saka innan kort tid.