Hopp til innhold

Steile frontar i skulepolitikken i Sandnes

Dårleg styring, uklare mål og aksept for middelmåtigheit. Det er resultatet av posisjonspolitikarane i Sandnes sin skulepolitikk, meiner Høgre.

Soma skule

HØGRE TIL ÅTAK PÅ SKULEPOLITIKKEN I SANDNES: Høgre er lite nøgde med skulepolitikken posisjonspartia har ført i Sandnes. Her frå Soma skule (illustrasjonsbilete).

Foto: Mari Friestad / NRK

Vallogo

I fire år har Høgre i Sandnes jobba i opposisjon mot byens regjerande parti: Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet, SV og Pensjonistpartiet.

Klokka 12 i dag blir det debatt om blant anna skulepolitikk på Vågen videregåande skule i Sandnes.

– Feil retning

Høgrepolitikar Ragnvald Nilsen meiner dette samarbeidet har ført skulepolitikken i Sandnes i feil retning.

– Først og fremst ved at ambisjonane til sandnesskulen har blitt mykje lågare. Me har blant anna fjerna alle måltala slik at me kan måla utviklinga i sandnesskulen. Det me står att med er at me faktisk er nøgde med middelmåtigheit, seier han.

Ragnvald Nilsen

FOR DÅRLEG: Ragnvald Nilsen (H) meiner sandnesskulen må bli betre. Gjennomsnittleg er ikkje godt nok, meiner han.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

– Skulen er god

– Det for stå for hans rekning. Sandnesskulen er god, me ligg på gjennomsnittet, og det blir jobba kvar dag for å bli endå betre, svarar Annelin Tangen (Ap), som er leiar for utvalet for kultur og oppvekst i kommunen.

  • Usikker på kva du skal stemma? Prøv NRK sin valgomat

– I kvalitetsmeldinga for sandnesskulen som skal behandlast på tysdag, så signaliserer skulane at dei er rett over eller rett under eit gjennomsnitt som er måltalet. Då er me midt på treet. Eg ønskjer at me skal vera blant dei beste i landet, seier Nilsen.

– Det å ligga på gjennomsnittet kan også vera bra nok. Det er framgangen på den enkelte skulen som seier noko om skulen er god. Det er slik at sandnesskulen vann innovasjonsprisen 2015, og det har me ikkje vunne for å vera middelmåtige, svarar Tangen.

Annelin Tangen

GODE NOK: Sandnesskulen er god, seier Annelin Tangen (Ap).

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

Lærarane sine tankar

Me spurte fire heilt tilfeldige lærarar frå Smeaheia og Stangeland skular om kva dei tykkjer om utviklinga i sandnesskulen:

  • «Den syns eg har vore negativ. Her har me ganske liten plass, me har ikkje lenger musikkrom.»
  • «Me har ikkje så god lærartettleik, og me treng meir tid til den enkelte.»
  • «Som sosiallærar så ser eg at det er knapt med ressursar, og me skulle gjerne hatt meir ressursar slik at me kunne gått tidlegare i gang med tiltak.»
  • «Me har vore nøydde til å slå saman eit trinn frå fire til tre klassar. Det er klart at det ikkje gir eit så godt tilbod til elevane som det dei hadde før.»

Pengar er løysinga

Som løysing på problemet har høgrepolitikaren ei enkel, men likevel vanskeleg løysing: meir pengar.

– Eg trur me treng sikre, føreseielege rammer framover slik at skulane kan leggja langtidsplanar for korleis dei skal løysa utfordringane dei står ovanfor, seier Nilsen.

– Kor tek du pengane frå?

– Me har foreslått konkurranseutsetting, og håpar at andre parti i bystyret vil vera med oss på det, seier Nilsen.

– Det med konkurranseutsetting har eg ikkje tru på. Kvifor skal andre gjera dette rimelegare enn dei kommunalt tilsette? svarar Tangen i Arbeidarpartiet avslutningsvis.