Hopp til innhold

Floke (4) og Nova (3) er allergikarar – noko stadig fleire hundar blir

Agurk, gulrøter og brokkoli – ikkje bein og godbitar – står på menyen for Floke. Nova toler ikkje støv. Som eit aukande tal norske hundar er dei allergikarar.

Floke og Nova

Floke (4) og Nova (3) er allergiske mot alt frå kylling til støv og muggsopp.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Floke (4) og Nova (3) er allergiske mot alt frå kylling til støv og muggsopp.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Nova og Floke hoppar på kvarandre, bjeffar og spring etter kvarandre rundt i hundeparken. Ingenting tydar på at dei føler noko ubehag.

Det kan vere fordi dei vart bestevennar då dei møttest, men det kan også vere fordi eigarane deira veit at dei er allergiske og tilpassar mat og miljø til dei.

For stadig fleire hundar, både i Noreg og i andre land, vert allergiske.

Det bekreftar veterinærar NRK har prata med.

Fleire er allergiske mot mat som kylling eller gluten medan andre ikkje toler støv og pollen.

Om du bur i ein by med hunden din, er det større sjanse for at både den og du vil utvikle allergiar.

Nova og Floke

Allergi og kronisk tarmsjukdom er neppe noko Nova og Floke tenkjer på når dei treffast i hundeparken.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Allergi og kronisk tarmsjukdom er neppe noko Nova og Floke tenkjer på når dei treffast i hundeparken.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ho klødde vanvitig mykje

Elisabeth Ljones Olsen fann ut at noko var gale med eurasiertispa Nova då ho var eitt år.

Ho klødde seg mykje, og Olsen tenkte først det var ein parasitt av noko slag – noko hundar ofte kan vere plaga med. Dei var hjå dyrlegen og fekk medisinar.

– Men ingenting hjelpte, seier matmora.

For Nova hadde ikkje parasittar, men var allergisk mot støv i huset, muggsopp, kylling og kanin.

– Og truleg vil vi finne meir og meir som ho er allergisk mot ettersom ho vert eldre, seier Olsen.

Elisabeth Ljones Olsen og Nova

Olsen seier dei må vere forsiktige med å kjøpe godbitar, for kyllingen Nova er allergisk mot skjuler seg ofte bak «animalske biprodukt» i innhaldslista.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Han får ikkje godbitar eller bein, berre gulrøter, agurk og brokkoli, seier Elisabeth Grødem.

Floke har nemleg IBD, ein kronisk tarmsjukdom som ofte bringar med seg allergiar.

Men det å ikkje få godbitar let ikkje til å plage Floke.

– Han kjenner ikkje til so veldig mykje anna, so eg trur ikkje han saknar det, seier Grødem og ler.

No et han eit fôr med andekjøt og matmor kokar av og til ris for å blande i og prøvar å ikkje late han stresse på seg ein dårleg mage.

– Han er veldig livsglad og frisk, vi må berre førebygge litt, seier Grødem.

Elisabeth Grødem og Floke

Ball og kos på magen – kan det bli betre?

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Byhundar og byfolk meir allergiske

Byfolk vert oftare allergiske enn dei som bur på landet.

Ein studie ved universitetet i Helsingfors – eller Helsinki – synte at det same gjeld mennesket sin beste ven.

Hundar som veks opp og bur i asfaltjungelen har større sjanse for å få allergiske symptom.

Doktorgradsstudent Emma Hakanen var med på studien og hennar artikkel vart også publisert i Scientific Journal.

Emma Hakanen og kvalpen Halla

Emma Hakanen har sjølv hundar, her saman med shibaen Hoku.

Foto: Inari Tapio / Privat

– Det er vanleg at både eigarar og hundar er allergiske. Mange av dei same miljøfaktorane påverkar dei begge, seier Hakanen.

Hundar og folk i byar vert rett og slett utsett for færre bakteriar som er med å styrke immunforsvaret til hundar og folk som bur tettare på naturen.

Sjølv har Hakanen to hundar, shibaen Hoku (9 månadar) og lapphunden Halla (4).

– Berre for ordens skuld: ingen av dei er allergiske, seier Hakanen og ler.