Hopp til innhold

Linda sjekkar om Charlie (4) er for feit – slik ser du om din hund er overvektig

Kring 40 prosent av alle hundar er overvektige, men mange eigarar veit ikkje om det.

Linda Bakken Bøe

Charlie (4) vert undersøkt av veterinær Linda Bakken Bøe, for å sjå om ho er overvektig. (Trass i den litt skumle peikefingeren, var ho ikkje det)

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det er mange, mange, mange konsekvensar av overvekt, seier Linda Bakken Bøe.

Ho er veterinær og ser mange litt vel lubne hundar kome inn døra. Desse står i fare for å få både diabetes og leddproblem, men endå verre er det med dei som er sjukeleg overvektige.

– Diverre er det fleire som høyrer til i den gruppa enn som ser det sjølv. Eller vil sjå det, kanskje, seier Bøe.

Linda Bakken Bøe

Som ein kanskje kan tenkje seg, byrjar undersøkinga hjå veterinæren med å gå på vekta. Men det viktigaste er å sjå på og kjenne på hunden, fortel Bøe.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vi trur hundane våre er normale

– Vi reknar med at kring 40 prosent av hundar er overvektige.

Nicole Frost Nyquist er førsteamanuensis ved veterinærhøgskulen, og syner til forsking gjort av kollegaar i Danmark.

Nyquist fortel at undersøkingar syner at eigarar ikkje veit at dyra deira er overvektige, men at dei trur hunden er som den skal vere.

– Det indikerer jo på at normalen har flytta seg, at ein trur ein slank hund er for tynn og ein lubben hund er normal, seier Nyquist.

Nicole Frost Nyquist

Nyquist jobbar også ved ein slankeklinikk, og seier at hundane får mange positive følgjer av å gå ned i vekt, sjølv so lite som fem prosent. Dei blir meir vakne, blidare og glade, meiner ho.

Foto: Privat

Pass på mengda mat

– Eg ser at det er veldig mange som luftar hunden, men har dei eigentleg trimma hunden? Ein tur rundt kvartalet er for lite for so og seie absolutt alle hunderasar, seier Bøe.

Men kvifor let vi hundane våre bli overvektige? Bøe trur det skjer grunna oss eigarar sitt ynskje om å gje hunden vår noko godt, å vise kjærleik gjennom mat.

– Vi har lett for å gje litt godter, heller enn å gje hunden ei anna merksemd ho heller hadde sett pris på.

– Men om ein då har ein hund som kanskje er litt lubben eller tyngre enn den bør vere – kva er beste måten å få den til å gå ned i vekt?

– Sjå kor mykje mat du gjev. Ikkje gje ein kopp no og då, men mål opp, bruk vekta og ver nøye.

– So kan ein bli slurven også. Ein har kanskje vege opp og vendt seg til at det er so og so høgt på eit beger. Men so er det ikkje mange tørrfôrkulene over den streken før ein har lagt til ganske mange kilokaloriar for dagen.

Veterinær undersøkjer midjen på hund.

Bøe sjekkar at det er oppsving under magen på Charlie. Her ser alt ut som det skal vere.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Få nok trim!

– Dei aller fleste trenar vel hunden litt mindre enn dei seier dei gjer, trur eg, seier Bøe.

Også førsteamanuensen er einig i at trim er viktig for å ha ein frisk hund.

– Det beste er om ein prøver å aktivisere hunden sin. Eg trur dei vil setje vel so stor pris på slik kontakt med eigaren sin som ein godbit, seier Nyquist.

Ho jobbar også ved universitetet i København, der dei har ein slankeklinikk for sjukeleg overvektige hundar. Ho seier at dyr får ein auka livskvalitet allereie ved so lite som fem prosent vekttap.

– Eigarane rapporterer om meir vakne, blidare og aktive hundar. Det er veldig lite som skal til for at desse dyra skal få det veldig mykje betre, seier Nyquist.

Til orientering: Veterinær Linda Bakken Bøe er gift med Eivind Undrum Jacobsen, distriktsredaktør i NRK i Nordland.

Ernæringsråd for hund

Eit godbit som eit bein eller ei pølse er ganske mykje ekstra mat for våre firbeinte venar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK