– Denne er ny og veldig fin, den har ingen klart å ta ennå, seier Brit Schanche Hidle om sykkelen sin.
Ho har både ein feit sykkellås (ordre frå ungane) og Falck-registrering for å sikra tohjulingen.
Men sistnemnde kunne ho fått gratis, om ho hadde kjøpt sykkel nå. Stavanger kommune har sett av 100.000 kroner for å sponsa Falck-registrering til dei som kjøper ny sykkel.
Kommunen betaler for Falck
Ein gong stal nokon ein gammal sykkel frå garasjen til Schanche Hidle, men ho kjenner seg likevel trygg når ho sett frå seg den nye.
– Eg parkerer i byen, ja kor som helst. Heime står sykkelen i garasjen, seier ho.
– Me gjer dette for at det skal bli enklare for politiet å sjekka opp om ein sykkel er stolen eller ikkje, seier leiar for sykkelprosjektet i Stavanger kommune, Roar Børresen.
Dette vil i praksis sei at dersom du bur i Stavanger, og kjøper ny sykkel, så betaler kommunen dei 400 kronene det kostar å registrera den. Ordninga skal i gang før sommaren.
- Les òg:
– Skal bli enklare
Børresen fortel at pengane også skal brukast på å gjera registreringa enklare.
– Me skal i alle fall gjera det veldig mykje enklare å få registrert syklane, både for butikkane og dei som kjøper syklane.
Når sykkelen er registrert så hamnar den i eit register med meir enn 6 millionar syklar, som politiet har tilgang til, og som dei brukar for å sjekka om ein sykkel er stolen eller ikkje.
Registeret kan også brukast av folk som kjøper sykkel på Finn.no, for å sjekka om det er ein stolen sykkel du kjøper.
– Mange gonger heilt umogleg å finna eigaren
– Det viktigaste er rammenummeret. Har me det så er det i alle fall mogleg å finna tilbake til ein sykkel, seier Ketil Tjørhom, avsnittsleiar på operasjonssentralen ved Stavanger politistasjon.
Han har så langt i år fått inn 250 meldingar om sykkeltjuveri. Vanlegvis hamnar det på om lag 1000. Det er dette talet kommunen vil ha ned, og det er politiet glade for.
– Det er jo mange gonger heilt umogleg for oss å finna eigaren av ein sykkel, så då hamnar den jo på hittegodsauksjonen, seier han.