Hopp til innhold

– Det er tragisk, rett og slett

Vandalar har sett kjeppar i hjula for Stavanger kommune sitt store telje-prosjekt.

Telleapparat i vatn

MÅLESTASJON: Turgåarar rundt Mosvatnet skulle bli talt av denne målaren, i staden fekk dei seg eit trist syn.

Foto: Stavanger kommune

Aktivitetsmåler ved Store Stokkavatn

Slik ser målestasjonen ved Stokkavatnet ut.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Stavanger kommune sin nye målestasjon, som skal registrera turgåarar og syklistar rundt Mosvatnet, låg sundag morgon nede ved vatnet. Sjølve målaren låg heilt under vatn.

– Nokon har rive ut batteriet og slengt målestasjonen ned i vatnet. Alt er sikkert øydelagt, sensor og alt. Det er tragisk, rett og slett, seier Rune Aarsteinsen.

Han er ein av fleire turgåarar som i dag har gått den populære turvegen, og fått med seg at nokon verkeleg har gjort ein grundig jobb både med å prøva å øydeleggja målestasjonen, men også kasta benkar og bord på vatnet.

Får svar i morgon

Målestasjonen blei plassert ut av kommunen i januar saman med tre andre målestasjonar ved Stavanger sine mest populære turløyper. Dei skal gi kommunen innsikt i kor mange som passerer og kor fort dei går, spring eller syklar.

Ein av dei som tok initiativ til å få målestasjonane opp er ansvarleg for sykkelsatsinga i kommunen Roar Børresen. Han synst at det er trist at nokon tydelegvis finn dette underhaldande.

– Me har folk i kommunen som skal undersøka målaren i morgon. Me får då svar på om den er øydelagt eller ikkje.

– Er det dyrt utstyr som kan vera øydelagt?

– Eg har ikkje den nøyaktige prisen, men det er jo snakk om ein mobilsendar, radar og slike ting. Så det kostar jo pengar.

Roar Børresen og Aina Hovden Lunde

DEI STÅR BAK PROSJEKTET: Roar Børresen, ansvarleg for sykkelsatsinga i Stavanger og Aina Hovden Lunde natur- og idrettsrådgjevar i Stavanger kommune.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Vil vurdera å festa stasjonane betre

Han legg også til at det er synd at kommunen nå går glipp av ein del data på turgåarar rundt Mosvatnet. Det er først neste år kommunen kan byrja å bruka informasjonen til noko, for då kan dei samanlikna trafikken frå år til år.

Nå vurderer kommunen å festa målestasjonane betre. Ved eit anna høve har ein annan av målestasjonane blitt velta.