Hopp til innhold

Slovensk landslagsutøvar mista livet i rulleskiulukke

19-åringen som omkom etter ei ulukke med ein lastebil var Hana Mazi Jamnik frå Slovenia.

Hana Mazi Jamnik

Hana Mazi Jamnik, 19, mista livet på rulleski torsdag føremiddag.

Foto: Sloski.si / MATEVZ_PERSIN

Den 19 år gamle kvinna som mista livet i ei trafikkulukke sør for Jørpeland torsdag føremiddag, var slovensk landslagsutøvar. Det bekreftar politiet i ei pressemelding.

Landslaget skriv om dødsfallet på sine eigne nettsider. Stavanger Aftenblad omtalte det først.

Kvinna som døde var Hana Mazi Jamnik.

Landslaget seier dødsfallet var ei tragisk ulukke. Dei pårørande er varsla.

Les også 19 år gammel kvinne død etter rulleskiulykke

Dødsulukke på Jørpeland

– Vi vil sakne deg

Jamnik deltok på Blinkfestivalen i Sandnes i starten av august i år.

I september i fjor vart ho juniorverdsmeister på rulleski i italienske Val di Fiemme. Ho enda på 12.-plass på 5-kilometeren i junior-VM finske Voukatti i februar 2021, hennar beste individuelle resultat på snø. Ho deltok også på junior-VM på Lygna i februar i år.

– Hana, du vil alltid vere i våre tankar. Vi vil sakne deg, skriv landslaget på nettsida si.

– Dette er utruleg tragisk og våre tankar går til familien, hennar næraste og miljøet ikring, seier langrennssjef i Noregs Skiforbund, Espen Bjervig.

Også NRKs skiekspert, Torgeir Bjørn, synest at det som har skjedd er tragisk.

– Det kjennest meiningslaust og trist at eit ungt menneske går bort på så tragisk vis. Heile skifamilien sørgar med henne og hennar nærmaste, seier han.

Botsheitunellen ligg like sør for Jørpeland, aust for Stavanger og Sandnes.

– Det vert jo tett

Arne Idland er sports- og pressesjef for Blinkfestivalen – ein av dei siste konkurransane 19-åringen deltok på.

Etter det NRK erfarer blei gruppa frå det slovenske landslaget att i Noreg etter at dei deltok på rulleskifestivalen, som enda 6. august.

Idland er prega av nyheita om Jamnik sin bortgang.

– På dette tidspunktet vil vi berre uttrykke medkjensle til familien. Våre tankar går til dei, Ola Vigen Hattestad og laget. Det er frykteleg trist, seier Idland.

Idland har sjølv ei dotter som går på rulleski. Ho er på same alder som Jamnik, og det som har skjedd kjennast ekstra sterkt for han.

– Det vert jo tett, seier han til NRK.

Sjåføren erkjenner ikkje straffskuld

Sjåføren som er sikta etter ulukka erkjenner ikkje straffskuld.

Det bekreftar mannen sin forsvarar, Sigurd Rønningen til NRK.

– Han har opplevd ei tragisk ulukke. Etter forholda har han det bra, og først og fremst tenkjer han på dei etterlatne, seier Rønningen.

– Kva i siktinga er det han er ueinig i?

– Siktinga går på uaktsomheit. Han erkjenner ikkje at han skal ha utvist uaktsomheit, seier forsvararen.

Trenaren vil ikkje sei noko enno

Ola Vigen Hattestad er trenar for det slovenske landslaget.

Han ynskjer ikkje sei noko om hendinga enno.

Hattestad er tidenes mestvinnande langrennssprintar på herresida og har ei rekke sigrar i verdscupar og medaljar frå OL, VM og NM bak seg.

Han la opp som utøver etter 2018-sesongen og startet som trener for landslaget i Slovenia, der kona Katja Visnar er fra. Han har de to siste sesongene trent Norges kvinnelandslag, men ga seg i vår. Denne sesongen er han tilbake som trener for Slovenia.

Har bedt om møte

– Oppfølging av resten av gruppa som var på treningsopphaldet vert handtert av det slovenske landslaget, seier politiadvokat Anne Mette Dale.

Dei skal ha fått tilbod om kriseteam.

– Eg har bedt politiet om eit møte i morgon for å få meir informasjon om det som har skjedd, og kva som no skjer vidare, seier bistandsadvokat Anne Kroken.