Hopp til innhold

Politiet etterlyser to menn som kan ha starta skogbrannen

Opp mot 30 mål gjekk med då det tok til å brenna på Berge i Suldal. Politiet etterlyser to menn.

Lokale bønder hjelper til i sløkkearbeidet

Lokale bønder hjelpte til med vatn til sløkkearbeidet.

Foto: Øyvind Kjetilstad

– Brannen er nå sløkka. Nokre gonger får me hjelp frå oven, seier Håkon Tornes, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, til NRK.no klokka 18.30.

Klokka 17 var brannen i ferd med å spakne, men det var framleis flammar i området. Så kom regnet med den hjelpa brannvesenet hadde håpa på.

Mellom 20 og 30 mål skog og mark gjekk med i brannen. Klokka 18.30 ulma det framleis enkelte stader, og brannvesenet hadde ikkje reist frå området.

– Full fyr

Det var like etter klokka 11 brannvesenet fekk melding om at det brann på Berge søraust for Suldalsosen. Brannhelikopteret frå Sauda vart sett inn i sløkkearbeidet klokka 13.45.

Det brenn på Berge i Suldal. Eit brannhelikopter er nå sett inn i sløkkearbeidet. Politiet etterlyser to menn.

Brann i Suldal

Augevitne, Øyvind Kjetilstad, registrerte røyk på Berge i Suldal klokka 12. Kort tid etter stod store områder i brann.

Foto: Tipsar

Flammane herja i ulendt terreng det var vanskeleg i gå inn i, ifølgje brannsjef i Suldal, Morten Århus. På toppen er det myrete og flatt.

– Det er full fyr der oppe nå, og det er kraftig røykutvikling, sa augevitne Øyvind Kjetilstad til NRK klokka 12.40.

– Me veit at det brenn, men veit ikkje kor stort område er. Me har sendt mannskap frå Suldalsosen og Sand, sa Jan Helge Olsen ved 110-sentralen i Haugesund like etter meldinga kom.

Så to menn som campa

Det var Asbjørn Overskeid som ringde Brannvesenet. Han bur omtrent 400 meter frå der brannen starta, og prøvde å sløkka den med eit brannsløkkingsapparat.

– Eg så to menn som campa like ved. Dei har vel grilla eller noko. Dei drog i titida i dag tidleg, seier han.

Brannen bles heldigvis frå garden til Overskeid.

– Vinden står bort frå den garden, og me har lagt opp vann i tilfelle det snur, seier Århus.

Personar ikkje i fare

Området er prega av skog og kratt, men det er også bustader der.

– Det er på Berge det bur folk, og det brenn nå litt vest for Berge. Ingen skal vera i fare, sa operasjonsleiar i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg, til NRK tidlegare tysdag.

Augevitnet NRK snakka med fortel om vanskelege sløkkingstilhøve.

– Terrenget er bratt og ulendt, dessutan er det svært tørt her nå, seier Kjetilstad.

– Eg tenkte med ein gong på dottera mi

Kristine Bøe Berge bur i eit av husa på Berge som ligg tettast på brannen. Sjølv var ho på jobb på Suldalsosen då ho fekk høyra at det brann.

– Eg tenkte med ein gong på dottera mi på ti månadar. Ho var heime med mannen min som har pappapermisjon, fortel Bøe Berge.

Ho fekk kontakt med mannen, som jobbar i brannvesenet, og han kom ned til Suldalsosen med dottera på ein firehjuling. Bøe Berge tok seg av dottera i huset til svigermora, medan mannen hjelpte til i sløkkearbeidet.

– Vegen opp til huset er stengt nå, så eg veit ikkje kor lang tid det vil gå før me kan koma heim att, seier ho.

Dei rekna med at det brann om lag 300 meter frå huset deira.

Etterlyser to menn

I samband med brannen ønsker politiet å få kontakt med to menn som har campa i området der brannen starta. Dei skal ha køyrt ein raud Citroën som vart sett ved Stråpajuvet ved Berge i Suldal.

Bøe Berge har observert ein av desse personane.

– Me såg ein mann som overnatta. Han hadde ikkje telt, men bil. Folk spekulerer i om dette kan ha ein samanheng med brannen, men det blir jo ei oppgåve for politiet å finna ut, seier ho.

Brann på Brge

Flere nyheter fra Rogaland