Hopp til innhold

Det er vinter, men i sørvest er det skogbrannfare

Etter fleire brannar på Sør-Vestlandet er brannvesenet sikre i sin sak: Det er skogbrannfare. Tidleg i januar.

Brannen i et skogsområde i Førlandsåsen ved Jørpepland natt til 1. nyttårsdag er slukket, melder Politiet i Sør-Vest på X.

På Jørpeland nyttårsaftan frykta brannvesenet ei stund at flammane kunne spreie seg til bustader. Brannen starta truleg på grunn av fyrverkeri.

Foto: Magnus Stokka

– Nå er det ikkje tid for å leike med eld. Det er så tørt ute. Tørt gras og mykje vind gir ein ekstra risiko når ein har med opne flammar å gjere, seier André Jacobsen, innsatsleiar i Rogaland brann og redning.

Dei siste dagane har det tatt fyr fleire stader på Sør-Vestlandet. Då 2023 blei 2024 brann det i terreng både på Ålgård og Jørpeland i Rogaland. På Jørpeland var brannvesenet ei stund bekymra for at brannen skulle spreie seg til bustader i nærleiken.

Same natt loggførte brannvesenet i området 133 oppdrag. Det var nyttårsaftan, men blei likevel karakterisert som den travlaste vakta brannvesenet kunne hugse.

– Eld i tørt gras

Og det har vore meir. Tysdag ettermiddag brann det i gras på Brusand, Om kvelden rykka brannvesenet ut til noko tilsvarande i Sandnes. Onsdag ettermiddag er 500 kvadratmeter gras svidd på grensa mellom Tysvær og Vindafjord.

Ifølge Jacobsen er det ikkje offisielt skogbrannfare fordi det til den såkalla skogbrannindeksen blir målt litt nede i jorda. Der er det ganske fuktig.

– Men oppå er det mykje dødt gras nå, seier han.

Skogbrann Jørpeland

Rogaland brann og redning loggførte 133 oppdrag natt 1. januar til 2024. Fleire har sagt at det er den travlaste natta dei har hatt.

Foto: Magnus Stokka

– Det har vore lite nedbør og mykje vind. Det eld i tørt gras, seier han.

Han var sjølv på vakt nyttårsnatta og er heilt einig i at det var travelt.

– Det er store kontrastar i Noreg i dag, seier han.

Kan sende farevarsel

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl seier det er langt frå optimale høve.

– Det er ein del frålandsvind som kjem frå ein ugunstig retning. Tørr luft kjem inn samstundes som død vegetasjon ligg i marka.

Kulda gjer naturen «mindre brennbar», men tørr og gammal vegetasjon er veldig lettantenneleg. Men meteorologane kan sende ut farevarsel sjølv om det er vinter, seier han.

Rafael Escobar Løvdal, meteorolog

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Foto: Iselin Fjeld / NRK

– Vi har truleg ikkje sett det som fare nok. Det er enno ein del snø fleire stader i landet, seier han.

Vinden skal løye, og det vil betre situasjonen, seier han. Men det kjem framleis til å vere tørt. I fleire dagar.

– Mot slutten av helga vil ein truleg sjå noko nedbør. Mest regn og sludd. Mindre vind og meir nedbør vil betre høva, seier han.