Hopp til innhold

Skal fri til ungdomen med folkedans

Folkedans er truleg ikkje det ungdomen er mest oppteken av, i alle fall ikkje i byane. Det har Ryfylkemuseet fått 3,45 millionar kroner for å gjera noko med.

Video Folkedans på rødlista

Ryfylkemuseet skal få ungdom over heile Rogaland til å dansa folkedans. Desse unge svingar seg på folkedansfestival i Bodø.

Foto: Nyhetsspiller

Tove Solheim og Åshild Vetrhus ved Ryfylkemuseet har arbeidd med å få prosjektet til Rogaland over fleire år, og er svært glade for at det endeleg kjem i gang.

– Vi har jobba hardt for å kome dit vi er i dag. Folkedansen i fylket har vore langt nede, men no ser vi at det byrjar å bløme, seier dei.

Skal reisa rundt på skulane

Tove Solheim

Tove Solheim i folkemusikkarkivet for Rogaland.

Foto: Ryfylkemuseet

Prosjektet dei snakkar om, heiter «Bygda dansar». Det har vore i sving sidan 2001, og har vore drive i åtte fylke, men først no kjem det altså til Rogaland.

Ryfylkemuseet på Sand får 3,45 millionar kroner frå Kulturdepartementet og Rogaland fylkeskommune. Pengane skal brukast over tre år, og gjev rom for to dansefaglege stillingar på til saman 150 prosent.

– Desse profesjonelle folka skal dra rundt på skulane i heile fylket og læra opp ungdom i alderen 15 til 19 år, seier Tove Solheim, som er leiar for folkemusikkarkivet for Rogaland.

LES OGSÅ: Disse fire har bachelor i folkedans

LES OGSÅ: Kung fu og folkedans i skjønn forening

Ikkje berre for bygdeungdom

Folkedans på Numedalstunet i Valdres. Gro Haraldsdotter Arneng og Gunnar Kværne Amundsen danser.

Folkedans kan vera så mangt. Og treng ikkje alltid utførast i bunad.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Ho trur folkedans kan appellera til dei unge, også til dei i byane.

– Prosjektet appellerer til ungdom med interesse både for det sosiale og det sceniske. Det er fleire som har vore med i tidlegare Bygda dansar-prosjekt som i dag lever som profesjonelle folkedansarar, seier ho.

Prosjektet kjem for alvor i gang i Rogaland neste år. I mellomtida vert det sett i verk ulike forprosjekt lokalt i Suldal og Sauda, fortel Solheim.

Finna lokale danseformer

Ho trur og at prosjektet kan få mykje å seia for å halda liv i dei lokale dansetradisjonane i Rogaland.

LES OGSÅ: 1000 folkedanser er utryddingstruet

– Vi veit at dei tilsette i «Bygda dansar» er flinke til å henta fram lokale danseformer i dei fylka som prosjektet er i. Det håpar vi dei vil gjere hos oss og, for Rogaland har mange flotte danseformer som er artige å ta tak i, forklarer Solheim.

Føremålet med prosjektet er å styrkje folkedans som kulturarv, kunstnarleg uttrykk og samværsform, og å knyta den lokale folkemusikken sterkare til dansen. Det er og eit mål å stimulera til dans som sosial aktivitet og næring i regionen.

Flere nyheter fra Rogaland