Sjekk det elleville innbrotsraidet

Ifølgje politiet står den 30 år gamle marokkanaren bak meir enn 130 innbrot i Rogaland, Hordaland og Buskerud dei siste åra. For å få fatt i han måtte ein politimann hoppa uti ei iskald elv.

Innbrotsbølgje Haugalandet

NOTORISK INNBROTSTJUV: Det finst overvakingsvideo av innbrotsforsøk 30-åringen gjorde på Haugalandet.

Desember 2015. Politiet på Haugalandet nord i Rogaland står midt oppe i den verste innbrotsbølgja dei nokon gong har opplevd.

44 brekk på litt meir enn 30 dagar.

Mannen dei trur står bak innbrotsbølgja stakk frå politiet i Sandnes for 41 dagar sidan. Ein notorisk innbrotstjuv med fleire dommar på seg, som skulle stå til rette for meir enn 30 nye innbrot på Jæren. På veg inn til rettssaka mot han, klarte han å stikka av.

Nokre dagar etter så tikka meldingane om nye innbrot på Haugalandet inn. Ei etter ei.

Politiaksjon i Sveio

Politiet aksjonerte mellom anna mot eit hus i Sveio etter tips om at marokkanaren var der, men dei måtte returnera tomhendte.

Foto: Kjell Bua

Politiet har mange leiteaksjonar, men ikkje ein gong med hjelp av redningshelikopteret klarer dei å få fatt i han.

Haugalandet er plaget av en innbruddsbølge. Disse personene ble sett da de gikk rundt og kjente på dører og kikket inn vinduer.

Desse opptaka blei gjort av det som truleg er innbrotstjuven som herja på Haugalandet.

Dramatisk jakt

Men så, onsdag 9. desember kjem endeleg meldinga politiet har venta på. Mannen dei leiter etter er observert i Fjæra i Etne kommune.

– Me ville slå ein jernring rundt han, og sende ut fleire politipatruljar, hundeekvipasjar og sette opp sperrepostar på vegkryss, fortel Trond Friberg som hadde vakta på operasjonssentralen i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt denne kvelden. ​​

Over fleire veker hadde politiet brukt store ressursar på mannen. Endeleg skulle han fakkast. Men nok ein gong blei dei overraska.

Då dei endeleg fekk auge på han låg han i elva og følgde straumen nedover mot Åkrafjorden.

– Han må ha snike seg bak rumpa på ein politimann som stod på sperring ved ei bru, og så hoppa uti elva. Det enda med at ein politimann også kasta seg uti det iskalde vatnet og fekk han på land, fortel Friberg.

Endeleg kunne julefreden senka seg på Haugalandet. Innbrotsbølgja var over.

– Eit politihjarte bankar ekstra hardt og intenst når ein får fatt i ein som har skapt så mykje uhygge og usikkerheit i politidistriktet over fleire veker, seier Friberg.

Laster kart, vennligst vent...

Her er ei oversikt over innbrota politiet meiner 30-åringen står bak i perioden frå då han stakk frå Jæren tingrett den 28. oktober 2015, fram til han blei teken den 9. desember.

Tiltalen er klar

Medan jakta etter han føregjekk på Haugalandet blei den nå 30 år gamle marokkanaren dømt til tre og eit halvt år fengsel for innbrota på Jæren. Dermed kunne han setjast rett i fengsel etter at han blei teken.

Han sit i det norske fengselet i Nederland, og først nå har politiet teke ut tiltale for dei 44 innbrota på Haugalandet. I tillegg er han tiltalt for 37 innbrot frå Buskerud og Hordaland som skal ha skjedd i 2014.

Til saman skal han nå svara for meir enn 80 nye innbrot.

– Eg har vel ikkje vore borti at ein mann har vore tiltalt for så mange innbrot. Eg trur at dette er ei ganske unik sak, seier politiinspektør Anne Maria Haarr ved Sør-Øst politidistrikt. Sidan dei eldste forholda stammar frå dette politidistriktet skal saka opp i Drammen tingrett 11. juni.

Etter det NRK kjenner til blei saka nå hasteberamma, for at ikkje 30-åringen skulle sleppa ut før saka mot han kom i gang.

– Eg tok over saka for eit par veker sidan, og kan ikkje seia så mykje om kvifor det har teke så lang tid. Men eg veit at det har vore mange politijuristar inne i bilete som har slutta, seier Haarr.

I ein SMS til NRK seier forsvararen til 30-åringen, Tarik Abbou, at han framleis ikkje har snakka med tiltalte, og at han av den grunn ikkje har nokon kommentar.

Det er sett av ei veke til saka.