Hopp til innhold

Fire nye brekk etter innbrotstjuv stakk av

Han var tiltalt for meir enn 30 innbrot, men under rettssaka mot han klarte han å stikka av. Nå har politiet registrert fire nye innbrot i det same område der den 28 år gamle mannen tidlegare har vore på røvartokt.

Oddvar Tengesdal, lensmann i Hå

Lensmann i Hå Oddvar Tengesdal har denne veka hatt fire innbrot og eitt innbrotsforsøk i området sitt. Dette skjer etter at 28-åringen som var tiltalt for meir enn 30 innbrot stakk av.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Politiet ser ikkje vekk frå at mannen som rømte på veg til Jæren tingrett for ei veke sidan, står bak nye innbrot.

– I løpet av den siste veka har det vore fire innbrot og eitt innbrotsforsøk sør i Hå. Dette er eit område der den 28 år gamle mannen er godt kjent, fortel lensmann i Hå Oddvar Tengesdal.

Tyvgods fra én mann

Dette er noko av tjuvegodset 28-åringen blei teken med i Hordaland i januar i år.

Foto: Politiet

Dømt til fengsel etter han stakk av

Den 28 år gamle mannen han snakkar om var tiltalt for å stå bak innbrotsbølgja på Jæren med meir enn 30 innbrot. Den siste dagen i rettssaka mot han i Jæren tingrett førre veke såg mannen sitt snitt til å stikka av, då han skulle transporterast frå fengselet til rettssalen.

Mannen er nå dømt til fengsel i tre år og seks månader for, fleire av innbrota, ein dom som naturleg nok ikkje er forkynna for den tiltalte, og derfor ikkje rettskraftig.

– Me har etterlyst han nasjonalt, så dersom ID-en hans blir sjekka vil ei varsellampe blenkja. Me har likevel ingen som aktivt er ute for å leita etter han, seier Tengesdal.

Går ikkje ut med bilete

Dei har likevel vald å ikkje gå ut med bilete av han.

– Det handlar først og fremst om at han ikkje er å sjå på som farleg, og det handlar om alvoret i saka. Han står bak ei rekke innbrot til stor plage for folk, likevel er alvorsgraden i dette ikkje så stor at me går ut med namn og bilete, seier Tengesdal.

– De tenker at 28-åringen kan stå bak dei nye innbrota?

– Det er kanskje nærliggande å tru det. Me har ingen klare indikasjonar på at det treng å vera han, men det er klart at me har det friskt i minne. Og med tanke på at han er dømd for innbrot i dette området, må me halda moglegheita open, seier lensmannen.

Då 28-åringen blei teken på toget med tjuvegods i januar 2014 stakk han også av. Då blei han etterlyst internasjonalt. Eitt år seinare blei han teken i Hordaland. Då han sat inne i fengsel blei det så og sei slutt på innbrota på Jæren.

Under rettssaka mot 28-åringen førre veke innrømma han delvis straffskuld.