Hopp til innhold

Sjå sendinga vår frå Solamøtet

Statsministeren, NHO-sjefen, Equinor-sjefen, nasjonalbibliotekaren og BA-desken er blant gjestane når næringslivet samlar seg til Solamøtet 2020.

Stream fra Solamøtet

VIKTIG MØTE: NRK sendte direkte frå Solamøtet måndag. Her kan du sjå sendinga i opptak.

Januar er månaden for gode hensikter, nedpakking av julepynt og i Rogaland: Solamøtet. Til den årlege næringspolitiske samlinga i Sola kjem både næringslivsaktørar, politikarar og sjølvsagt kommentatorar og journalistar.

Du kan sjå heile møtet i videovindauget øvst i saka.

Årets tema er «Rogaland grip moglegheitene». Dei seinare åra har livet etter olja på ulike vis vore oppe på konferansen. Det har òg blitt lekkasjar om statsrådsbyte og hard debatt om kommunesamanslåingar.

Eldar Sætre

Eldar Sætre, konsernsjef i Equinor, skal snakke om selskapet i framtidas energilandskap.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

Men tilbake til framtida: Den kjem truleg òg opp i 2020.

– Reduksjon av inntektene frå tradisjonell olje- og gassverksemd vil gi dramatiske kutt i velferdsnivået i Noreg, viss vi ikkje greier å skape nye verdikjeder basert på lønsame verksemder. (...) Skal Rogaland ta ein leiande posisjon i omstillinga, må vi gripe moglegheitene desse fortrinna gir oss, skriv arrangøren NHO om programmet.

Thina Saltvedt

Thina Saltvedt i Nordea skal snakke om verdien av berekraft.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

På lista over føredrag står dessutan mellom anna «Verdien av berekraft» (Thina Saltvedt, Nordea), «Equinor i framtidas energilandskap» (Eldar Sætre, konsernsjef) og «Omstilling i leverandørindustrien» (Mads Andersen, Aibel).

Det same gjer «Flytande havvind – eit nytt industrieventyr?» (Astrid Skarheim Onsum, Aker Solutions) og «Bedriftenes neste trekk» (Ole Erik Almlid, NHO). Statsminister Erna Solberg skal snakke om eit berekraftig velferdssamfunn.

Aslak Sira Myhre

Aslak Sira Myhre skal kanskje, kanskje ikkje snakke om Viking under tittelen «Fortid og framtid, Rogaland for alltid».

Foto: Carina Johansen / NRK

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre er ein av dei første på podiet når han skal snakke under overskrifta «Fortid og framtid, Rogaland for alltid».

Dessutan: Det blir truleg humring i salen når Ken André Ottesen, betre kjend som BA-desken på Instagram, skal vise fram sin Rogaland-edition.

BADesken

BA-desken får ei eiga rogalandsavdeling under Solamøtet. Her er nokre eksempel frå Nord-Noreg.

Vanlegvis plar møtet å gå over to dagar. Slik blir det ikkje i år. I år blir dagen kor næringslivet møter stortingspolitikarane frå Rogaland, avlyst.

Årsaka er at mange av stortingsrepresentantane frå Rogaland er blitt kalla tilbake til Stortinget for at det skal bli avgjerdsdyktig, skriv Stavanger Aftenblad. Bakgrunnen for det igjen er at mange andre stortingspolitikarar er på reise.