Hopp til innhold

Sensasjonelt funn i Stavanger domkyrkje

I nesten 500 år trudde ein at relikvieskrinet til Stavanger sin vernehelgen var destruert. Men nå har arkeologar gjort oppsiktsvekkande funn i Stavanger domkyrkje.

Relikvieskrinet til Stavanger skytshelgen

Dette trur arkeologar og forskarar at er relikvieskrinet til Stavanger sin vernehelgen, St. Svithun

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– For kyrkja og byen er dette funnet ein sensasjon. Det er heilt overveldande, seier utgravingsleiar ved Arkeologisk museum, Sean Denham.

Tenk deg at du er arkeolog og har fått sjansen til å grave ut under ei domkyrkje i ein av Noregs største byar.

Tenk deg så at du finn ei forgylt koparplate på fem gonger ti centimeter. Noko som ser ut som at ho kan ha vore festa til ei treeske.

Når du i tillegg da finn ein forgylt sølvmedaljong med dyremotiv og fleire dekorerte edelsteinar, kan du ha funne den heilage gralen.

– Vi blei svært overraska da vi gjennomførte ei røntgenundersøking av koparplata. Bildet viser tydeleg ein kyrkjebygning med tårn, tak, søyler og vindauge, seier konservator ved Arkeologisk museum, Bettina Ebert.

Sean Denham, Margareth Hana Buer og Bettina Ebert har ledet utgravingsarbeidet i Domkirken.

Sean Denham, Margareth Hana Buer og Bettina Ebert ved Arkeologisk museum og Universitetet i Stavanger (UiS) har leda utgravingsarbeidet i domkyrkja.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Stavangers mest kostelege skatt

Arkeologane trur dei har funne relikvieskrinet til sjølvaste St. Svithun, Stavanger sin vernehelgen.

– Dette var den mest kostelege skatten Stavanger eigde på 1200-talet. Den har nok høyrt til ei treeske som var dekka med fleire av desse platene her, pynta med edelsteinane. Skrinet ville ha skine i gull, sølv og diamantar, seier Margareth Hana Buer, seniorforskar i mellomalderarkeologi ved UiS.

Som følge av reformasjonen på 1500-talet skulle all katolsk «overtru» utraderast, og alle skattane i domkyrkja skulle fjernast og øydeleggast.

Trudde den var destruert

I alle år har ein trudd at denne relikvien blei send til Danmark for omsmelting under reformasjonen.

Stavanger domkirke

Utgravingsarbeidet i domkyrkja skal vere ferdig etter sommaren.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Men 500 år seinare har altså ein gjeng med arkeologar funne ei rekke av skattane til kyrkja under det nordre tårnet i Stavanger domkyrkje. Forskarane trur at dei blei redda unna og gøymde i krypten.

Sjølve relikvieskrinet skal ha inneheldt armbeinet til St. Svithun.

– Armbeinet til St. Svithun var verdifullt og ville vore pakka inn i vakkert tøy og deretter plassert i eit skrin av gull med edelsteinar i vakre fargar. Slike relikvieskrin, forma som hus, fanst det fleire av i Noreg i mellomalderen, men få er bevarte, forklarer seniorforskar Buer.

Funn av Jomfru Maria og Melkior, en av de tre vise menn, i elfenben

Det var funnet av Melkior, ein av dei tre vise menn, som gjorde at arkeologane forteatte å grave i kjellaren under det nordre tårnet i Stavanger domkirke.

Seinere fant dei og Jomfru Maria og ein del av det som truleg er Jesus Kristus sin fot frå eit krusifiks.

I utgravingsarbeidet har de også gjort Stavangers største myntfunn.

Det blei og funne meir enn 160 myntar frå mellomalderen.

Det ble også funnet en del av biskopens personlige eiendeler. Blant annet en sølvskje og noe som skal være en slags qtips fra middelalderen.

Det blei og funne ein del av biskopen sine personlege eigendelar. Blant anna ei sølvskjei og ei øreskjei, som som skal vere ein slags Q-tips frå mellomalderen.

Funn i Stavanger domkirke. Foto Annette Øvrelid  Arkeologisk museum  Universitetet i Stavanger (UiS)

Det ble i tillegg funne eit eksklusivt segl frå Pave Bonifatius VIII (1294-1303). Seglet ville ha vore festa til eit brev frå paven, som i dette tilfellet truleg var adressert til biskopen i Stavanger på denne tida.

Funn i Stavanger domkirke. Foto   Arkeologisk museum

Fleire forgylte religiøse fragment blei funne i krypkjellaren. Fragmenta har stammar frå større gjenstander, for eksempel monstransar eller prosesjonskors, som blei brukt under messa.

Alle desse funna som er gjorde i Stavanger domkyrkje, blei gjorde ved eit slumpetreff. Etter funnet av Melkior i kjellaren i det nordre tårnet før jul i fjor, sette dei i gang eit arbeid med å undersøke om det fanst meir i rommet.

Dette kan være en del av relikvieskrinet til St. Svithun, Stavangers skytsengel.

Det er dette relikvieskrinet etter St. Svithun som peikar seg ut for arkeologane.

Foto: Annette Øvrelid / Arkeologisk museum / Universitetet i Stavanger (UiS)

Fann skattane ved eit tilfelle

Det skulle dei eigentleg ikkje gjere.

– I mengde og betydning har funna i kjellaren overgått alle forventningar og reflekterer meir enn 1000 år med Stavanger si historie. Dei fortel at Stavanger domkyrkje og byen hadde geistleg rikdom og kontaktar mot pavekyrkja som vi ikkje tidlegare har sett i det arkeologiske materialet, seier Denham.

Dette skal vere eit brikkevevd gullband som truleg har høyrt til eit større praktplagg, for eksempel ei bispekåpe.

Dette skal vere eit brikkevove gullband som truleg har høyrt til eit større praktplagg, for eksempel ei bispekåpe.

Foto: Annette Øvrelid / Arkeologisk museum/Universitetet i Stavanger (UiS)

Desse skattane med meir vil besøkande få høve til å sjå under jubileumsutstillinga i samband med at Stavanger by blir 900 år i 2025.

– Det å få vere med på ei slik utgraving er noko du får oppleve ein gong i livet. Det er heilt fantastisk, seier Margareth Hana Buer.

Arbeidet med å restaurere domkyrkja i Stavanger starta i 2015 og skal vere ferdig etter sommaren.

Flere nyheter fra Rogaland