Hopp til innhold

– Ikkje lenger behov for høg beredskap

Etter flaumen i går har beredskapen vore på høgste nivå i Hå, men kommunen går no tilbake til normalen. Det er meldt dårleg vêr i morgon, og dei følgjer med på situasjonen, men har ikkje ekstra vakthald.

Krisa er over i Hå

– Me har avslutta beredskapssituasjonen med eit høgt beredskapsnivå, og er no tilbake til ein normalsituasjon, seier ordførar i Hå kommune Mons Skrettingland.

Klokka eitt i dag hadde kommunen eit møte om beredskapssituasjonen, og dei har no avgjort at det ikkje er behov for å halde det høge beredskapsnivået oppe, sjølv om det er meldt meir uvêr i dagane som kjem.

Mons Skrettingland

Ordførar i Hå, Mons Skrettingland.

Foto: Hanne Høyland / NRK

– Me følgjer situasjonen, og vêrmeldingane. Men det er ikkje noko utvida beredskap. Me konkluderer med at jærbuen er van med kuling og regn.

– Me må ikkje dra ein slik situasjon for lenge, slik at folk mistar respekten når det verkeleg er ei krise, difor har me vald å avslutte den høge beredskapen no, seier Skrettingland.

Veit ikkje kor mykje flaumen vil koste

Kor store økonomiske skadar flaumen har gjort er det framleis ikkje ei oversikt over, men skadane er store.

– Me snakkar nok i overkant av 40 kjellarar som er oversymde. Lagerlokale, skular og barnehagar har hatt vatn inne. Kor store skadane er der er vanskeleg og seia.

I tillegg er det også store skadar på omsorgsbustadar som er drifta av kommunen. 16 av bebuarane vart evakuerte i går, no har nokre av dei fått lov til å flytte heim att.

– Det er fire av dei som har flytta tilbake, dei andre har fått andre stader å bu, seier Skrettingland.

Skadar på infrastrukturen fleire stader

Dei kraftige vassmengdene gjorde også store skadar på infrastrukturen.

– Det er skadar på vegar og sykkelstiar. Nokre er fylkesvegar og andre er kommunale, og det vil det bli ein diskusjon på i etterkant, om korleis det skal ordnast økonomisk, seier Skrettingland.

I tillegg er det også store skadar på Jærbanen. I heile dag har det gått buss for tog mellom Brusand og Nærbø, men no melder Jernbaneverket at strekninga blir opna igjen seinast klokka fem i dag.

Artikkelen held fram under bilete

Ødelagt vei på Vigrestad

Flaumen i Hå i går har gjort store skadar både på infrastruktur og bustader.

Foto: Johan Mihle Laugaland

Kan ikkje gardere seg mot ekstremvêr

– Me har jo lært litt av dette, men det er jo ikkje ein kvar storm som utløysar ein krisesituasjon. Dette nedbørsområdet som råka Hå i går er jo ganske sjeldan, seier Skrettingland.

– Me tar den lærdomen me kan. Men du klarer aldri å gardere deg mot eit slikt ekstremvêr, avsluttar Skrettingland.