NRK Meny
Normal

– Øydeleggingane er store

Ingen veit kor mange bustader og bedrifter som har blitt skadde i flaumen i Hå. Kommunen har sett kristestab. Og no ventar meir uver.

Store nedbørsmengder skapte kaos i Hå i dag.

– Me veit ikkje kor mange som har blitt råka. Men me veit at det er mange, fleire titals, øydeleggingane er store, det seier ordførar i Hå Mons Skrettingland.

Tidlegare i dag hadde krisestaben i kommunen eit møte om situasjonen etter dei kraftige nedbørsmengdene tidlegare på dagen.

Mons Skrettingland

Ordførar i Hå kommune, Mons Skrettingland.

Foto: Hanne Høyland / NRK

– Me har kontroll på situasjonen no. Men vêrmeldingane seier at det kjem meir regn i natt og dagane framover. Difor har me no 24 timars vakthald, og beredskapen er på høgste nivå, seier Skrettingland.

Vigrestad hardast råka

Det er Vigrestad som er hardast råka av flaumen. Der var sentrum stengt av tidlegare i dag, men mykje av vatn har no blitt pumpa opp og det er igjen opna for folk til å bevege seg der.

Fleire kjellarar på Vigrestad har blitt oversymde, men ordføraren har ikkje oversikt over kor mange det er snakk om.

Varhaug og Brusand har også blitt råka. Men heller ikkje der finst det ei oversikt over kor store skadar det dreier seg om.

If forsikring seier til NRK at dei så langt i dag har fått inn over 60 skademeldingar. 49 frå private bustadar, og 11-12 frå bedrifter. Dei ventar det vil koma fleire.

– Førebels er det ikkje lov til å bevege seg i området, fordi naudetatane jobbar med å hjelpe dei som er råka. Me kjem etter kvart med våre takstmenn og skadeekspertar og folk som skal rydde opp der. Så kor store skadar det er snakk om, veit me først om nokre dagar, seier Sigmund Clementz i If forsikring.

Artikkelen held fram under videoen

Flom på Vigrestad

Får ikkje flytte heim

Eit eldresenter på Vigrestad vart oversymd då regnet hølja ned tidlegare i dag. Det førte til at fleire av bebuarane måtte evakuerast, og mange av dei får ikkje lov til å returnere til sine leilegheiter.

– Det er snakk om 16 personar som me må finne ein alternativ bustad til. Me veit førebels ikkje kor lang tid det vil ta å få leilegheitene i stand igjen, seier Skrettingland.

Dei evakuerte vil no bli innlosjert i andre leilegheiter.

Artikkelen held fram under videoen

Fleire vart evakuerte frå eit eldresenter på Vigrestad, etter store nødbørsmengder.

Delar av Jærbanen framleis stengd

Flaumen har også gjort store skadar på infrastrukturen i Hå.

Grunna eit ras på jernbanlina, blei delar av Jærbanen stengd tidlegare i dag. Og no i kveld melder Jernbaneverket at strekninga mellom Ogna og Nærbø vil vera stengd i alle fall fram til i morgon tidleg. Det vil gå buss for tog på strekninga.

Fleire vegar blei også stengde på grunn av flaumen, men no er dei fleste opna igjen. Det er berre ein del av ringvegen på Vigrestad som framleis er stengd.

– Det er om lag 100 meter med asfalt som er skylt vekk på denne strekninga, me håpar at vegen skal vera fiksa til neste veke, seier Skrettingland.

Innstilte tog

Jærbanen er stengd mellom Ogna og Nærbø.

Foto: Johan Mihle Laugaland