Hopp til innhold

– Veit ikkje kor dyrt det blir

If forsikring har aleine fått inn over 60 skademeldingar frå det flaumramma Jæren, så langt i dag. Men det er venta at talet vil stige når vatnet har trekt seg tilbake.

Regnvær ødelegger veier på Vigrestad

Vegar er øydelagde etter dei store nedbørsmengdene i Hå i dag.

Foto: Anders Fehn

– Hittil har me fått inn 49 skademeldingar frå private heimar og 10–12 frå bedrifter og butikkar på Jæren, seier Sigmund Clementz i If forsikring.

Kjellarar har blitt fylt med vatn, etter dei kraftige nedbørsmengdene på Jæren i dag. Forsikringsselskapet If har fått inn fleire skademeldingar, og trur det kan koma fleire, men dei veit førebels ikkje kor mykje pengar det vil bli snakk om å måtte betale ut.

– Førebels er det ikkje lov til å bevege seg i området, fordi naudetatane jobbar med å hjelpe dei som er ramma. Me kjem etter kvart med våre takstmenn og skadeekspertar og folk som skal rydde opp der. Så kor store skadar det er snakk om, veit me først om nokre dagar, seier Clementz.

Artikkelen held fram under bilete

Abdullah Bakhtyari

Abdullah Bakhtyari står til knea i vatn i kjellaren sin i Langgata på Vigrestad.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Betre når det skjer på landet

Sjølv om skadeomfanget ser ut til å vera stort, meiner forsikringsselskapet likevel at det er ein fordel at det har skjedd på mindre tettbygde stader.

– Hadde dette skjedd på ein stad som var tettare busett, så hadde nok skadane vore betydeleg større. Det er eit utbreitt problem i byar og store tettstader at avløp ikkje klarer å ta opp alt vatnet, fordi avløpsrøyra er for dårleg dimensjonerte, seier Clementz.

Fleire målestasjonar på Jæren registrerte over 50 millimeter i løpet av seks timer torsdag morgon, og då har avløpsrøyra lite å stille opp mot, meiner han.

– Det er heilt ekstremt det me har opplevd i dag. Uansett kor store vassrøyr og godt avløpsnett ein har, så vil ein ikkje greie å ta opp alt vatnet uansett.

Trøysta er likevel at folk på mindre stader er flinkare til å hjelpe dei som blir råka, meiner Clementz.

– Det ser me gong på gong. Viss ein blir råka på ein mindre tettstad, eller i eit bygdesamfunn, så er naboane flinkare til å hjelpe kvarandre.

Artikkelen held fram under videoen

Flom på Vigrestad

Aukar ikkje prisen på forsikring

No ventar ein stor oppryddingsjobb før takstmennene kan finne ut kor mykje flaumen har kosta. Men uavhengig av pris, det blir ikkje dyrare forsikringspremie på Jæren med det første.

– Det blir ikkje det i første omgang. Sjølv om dette er ei dramatisk hending for dei som opplev det, så vil ikkje slike enkelthendingar påverka forsikringsprisane på kort sikt.

Men det er ikkje første gong at Jæren blir ramma av flaum på sommaren. På same tid i fjor stod vatnet høgt i kjellarar i Stavanger og på Jæren.

Og skulle slike dramatiske hendingar bli norma i åra som kjem, kan det påverke prisane på forsikring.

– På lengre sikt så kan det ekstreme vêret, som me mange gongar opplev på somrane no, føre til høgare forsikringsprisar. Men då snakkar me om eit mykje lengre perspektiv enn eitt par år, avsluttar Clementz.

Flaum på Brusand

Slik såg det ut på Brusand i Hå tidlegare i dag.

Foto: Neil Friestad