Hopp til innhold

Rolf Martin (75) har ingen planar om å slutte i jobben: – Eg tar fem år av gongen

Innan 2050 vil éin av fem nordmenn vere 70 år eller eldre. Aktive seniorar som Rolf Martin er ein del av løysinga, meiner direktør.

Rolf Martin Time (75) jobber fortsatt for Stangeland Maskin, til tross for høy alder.

Rolf Martin Time (75) begynte å jobbe for Stangeland Maskin i 1965. Han held framleis koken, sjølv om han har vore pensjonist i åtte år.

Foto: Thomas Ystrøm

– Det betyr mykje når ein har god helse og kan halde på med noko sånt. Eg gjer mykje heime òg, men ein saknar jo kameratar på jobb.

Det seier Rolf Martin Time (75), som ikkje var særleg begeistra for tanken på eit typisk pensjonisttilvære.

Han stortrivst med å køyre gravemaskin, som han har drive med dei siste 60 åra.

– Eg har jo drive med dette heile livet. Eg har prøvd å slappe av, men ein saknar det. Det er best å halde seg litt i vigør, synest eg.

25 pensjonistar som ringevikarar

Time er éin av 25 pensjonistar som framleis er i arbeid delar av året hos Stangeland Maskin. Pensjonistane er heilt avgjerande for at bedrifta skal få jobben gjort.

– Dei som går av med pensjon er veldig gode å kunne ringe, seier Mette Idland, personalleiar ved Stangeland Maskin.

Mette Idland er personalleder ved Stangeland Maskin. Hun snakker om de eldre arbeidstakerne som en stor ressurs for bedriften.

Mette Idland er personalleiar ved Stangeland Maskin. Ho snakkar om dei eldre arbeidstakarane som ein stor ressurs for bedrifta.

Foto: Thomas Ystrøm

Idland fortel at bedrifta kunne ha valt å hente inn ressursar frå eit bemanningsbyrå.

– Men dei kjenner ikkje oss, prosjekta eller maskinene, seier Idland, som derfor synest Stangeland-pensjonistane er ei betre løysing.

Ho fortel at gravemaskinførar Time kan få køyre så lenge han har lyst. Bedrifta har ikkje sett noko øvre grense.

– Men han må kunne halde ved like sertifikatet og gjere ein god jobb, seier Idland.

Ein av fem over 70 år i 2050

Regiondirektør Tone Grindland i NHO Rogaland ser store fordelar ved at fleire eldre fortset i arbeid. Eldre arbeidstakarar er ofte trygge i jobben, og har kunnskap og erfaring som er viktig å dele vidare, påpeikar ho.

– Matchen mellom ein ung og ein eldre er veldig verdifull, seier Grindland.

Tone Grindland i NHO.

Regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland.

Foto: Øystein Otterdal / nrk

Det vil vere ein krevjande situasjon å skape verdiar i, dersom ein skal halde oppe same produktivitet som i dag, seier Grindland i NHO.

Men fleire eldre har, til liks med gravemaskinføraren Time, lyst og kapasitet til å jobbe.

– Eg held nok ikkje på i 60 år til, men eg tar fem år av gongen, seier Time.

75-åringen kjenner fleire jamaldra som kunne tenkt seg å komme tilbake til arbeidslivet.

– Eg har snakka med mange som saknar å ha noko å gjere på. For det er jo ikkje så mykje å gjere når ein sit i eit hus eller ei leilegheit, seier han.

Rolf Martin Time (75) prøvde seg i en kort periode som pensjonist på heltid. Han synes ikke det var noe særlig.

Rolf Martin Time (75) prøvde seg i ein kort periode som pensjonist på heiltid. Han synest ikkje det var noko særleg.

Foto: Thomas Ystrøm
Kari Østerud, direktør Senter for seniorpolitikk

Direktør i Senter for seniorpolitikk, Kari Østerud.

Foto: Senter for seniorpolitikk

Direktør i Senter for seniorpolitikk, Kari Østerud, meiner det stadig blir viktigare at eldre står i arbeidslivet.

– Avgangsalderen har auka, men det bør han også fortsette å gjere. Skal vi klare å finansiere velferdssamfunnet i framtida, er yrkesaktive seniorar ein del av løysinga.

Ho peikar på ei rekke faktorar som påverkar kor lenge vi jobbar (sjå faktaboks under), inkludert kultur, økonomi og helse.

– Vi treng ei haldningsendring

NHO-Grindland fortel at mange leiarar oppgir å vere fornøgde med eigne seniorar. Samtidig vegrar dei seg for å tilsette folk i 60-åra.

– Vi må endre måten vi tenker om dette på. Korleis vi praktiserer og korleis vi legg til rette. Arbeidstakarar må tenke at det er interessant å jobbe litt lengre.

Ho trekker fram ei NHO-måling frå 2021, der svært få bedrifter inkluderte «alder» som ein del av arbeidet rundt mangfald.

– Vi ser jo at aldersdiskriminering er vanleg i arbeidslivet i Noreg, seier Grindland og fortset:

– Eg trur vi treng ei haldningsendring, og det er viktig å vere merksame på den ressursen ein finn i eldre arbeidstakarar.

Har du fått med deg Noregs kulaste kranførar? I 2020 besøkte vi Torun Berg, som da var 63 år gamle, på jobb i Stavanger:

Me blei imponert av Torun Berg, som er 63 år og har køyrt kran siden 80-talet!

Torun Berg er 63 år og har køyrt kran sidan 80-talet.

Hei!

Tenkte du på noe da du leste denne artikkelen? Eller har du et tips til andre saker vi burde sjekke ut i NRK?

Send meg gjerne en e-post!

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg