Hopp til innhold

Reduserer løna til det nye fylkestinget

Politikarane på fylkestinget går ned i løn den neste perioden. Påtroppande fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) får dermed 60.000 kroner mindre i årsløn enn Janne Johnsen (Ap) har hatt. Men den nye sjefen har framleis til salt i grauten.

Fylkestinget Rogaland

MINDRE LØN – MEN IKKJE LITE: Fylkestinget i Rogaland kuttar løna.

Foto: Mari Friestad / NRK

Eit samrøystes fylkesting vedtok i dag å redusera si eiga løn. Løna til påtroppande fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) og påtroppande fylkesvaraordførar Marianne Chesak (Ap) blir redusert med høvesvis 60.000 og 48.000 kroner.

Fylkesordføraren går dermed frå ei årsløn på 1.245.000 kroner til 1.185.000 kroner. Fylkesvaraordføraren går frå 996.000 kroner til 948.000 kroner.

– Må syna moderasjon

Solveig Ege Tengesdal

60.000 KRONER MINDRE: Påtroppande fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF).

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Kutta betyr også at dei andre representantane får mindre, dei får nemleg fem prosent av løna til fylkesvaraordføraren. Det blir då frå 49.800 kroner til 47.400 kroner i året.

– Det er også honorar for å sitja i ulike utval, så kor mykje kvar representant får varierer. Men dei største kutta blir hjå dei som er heiltidspolitikarar. Det gjeld fylkesvaraordføraren, fylkesordføraren og nokre av gruppeleiarane, seier Kjartan Alexander Lunde (V).

– Dei har jo ei relativt grei løn endå, men det syner ei retningsendring. Me har hatt eit høgt nivå, men ser at det er strammare tider: då må politikarane gå framfor med eit godt døme og syna moderasjon, seier Lunde.

Kjartan Alexander Lunde

MÅ SYNA MODERASJON: Kjartan Alexander Lunde (V) og alle dei andre politikarane i fylkestinget var einige om å redusera løna si.

Foto: Ole Andreas Bø

Anstrengt økonomi

– Er dette ein reaksjon på oljekrisa?

– Me ser at me er ein region med ein del utfordringar. Samstundes har fylkeskommunen ein anstrengt økonomisk situasjon, og då må politikarane gå framfor og visa ei klar retning med si løn.

Det er ikkje alle fylkesting som har gjort det same. I Sogn og Fjordane gjekk politikarane i dag den andre vegen, då dei auka løna til Fylkesordføraren.