Frp kraftig provosert over lønsauke til fylkesordføraren

Fylkestinget vedtok tysdag å gje nyvalt fylkesordførar Jenny Følling (Sp) ein lønsauke på 43.000 kroner. Den samla løna blir dermed på 1.077.000 kroner. Heilt bak mål, meiner Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet.

Frank Willy Djuvik

KRITISK: Frank Willy Djuvik (Frp)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er litt spesielt at ein på det første fylkestinget denne perioden, og der den avtroppande fylkesordføraren seier vi no går tøffe tider i møte, at det første ein då vel å gjere er å gi seg sjølv seg sjølv ein lønsauke, seier Djuvik.

Med hjelp av røystene frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet vedtok fylkestinget tidlegare i dag å auke nyvalt fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sin løn med 43.000 kroner. Den samla løna kjem dermed på 1.077.000.

–Fylkesordførarlønna i Sogn og Fjordane er allereie høg, den ligg 150 000 kroner over lønna til Stortingsrepresentantane. Dette er feil signal med tanke på at vi no skal gjennomføre nedbemanningar, seier Djuvik.

Vanleg praksis

Hilmar Høl (Ap) har ingen sans for kritikken frå Djuvik. Høl viser til at det er heilt vanleg å justere opp fylkesordføraren si løn i starten av ein ny valperiode og poengterer at Følling ikkje vil få ny lønsauke i 2016. Djuvik prøvar å skape ei sak, seier Høl.

– Dette er ikkje noko feil signal, seier Høl. Det har vore vanleg ved konstituering at godgjeringa til fylkesordføraren blir teken opp som sak.

– Men no slit fylkeskommunen økonomisk og burde ikkje kanskje frose lønna til fylkesordføraren?

– Det har aldri vore diskutert i fylkeskommune at vi skal fryse lønn. her er det snakk om eit konstitueringsmøte, der møtegodtgjerdsla må fastsetjast for fylkesordføraren fordi dei har følger for dei som skal vere utvalsleiarar osv. her prøver Frank Willy Djuvik å gjere ei fjør til fem høns.