Hopp til innhold

Fryktar ras på «versting-veg» – redde for å senda barna på leirskule

RYFYLKE (NRK): Foreldre er redde for å senda barna sine til Gullingen leirskule i Suldal på grunn av den store rasfaren. Nå kan det bli slutt på å bruka «rasvegen» til ein av dei største leirskulane i landet.

– Det er ikkje greitt å senda elevar på ein så rasfarleg veg. Eg håpar derfor det blir gjort noko med vegen, seier rektor ved Fløgstad skule i Sauda, Ellen T. Tangeraas.

Neste veke skal alle sjuandeklassingar i Sauda på leirskule på Gullingen i nabokommunen Suldal. Med 2200 elevar i år er leirskulen i Rogaland den femte største i landet.

For dei som kjem nordfrå, slik som Sauda, er det mest naturleg å køyra via Rødsliane på riksveg 13 i Suldal.

(Dette bilete, og det i toppen av artikkelen, er frå eit framprovosert ras i samband med den midlertidige rassikringa som skjer i desse dagar).

Ein veg som er så rasfarleg at sjølve rassikringa som skjer nå om dagen kan bli for farleg, ifølge ein geolog.

Vegstrekket blei også kåra til Noregs tredje verste veg av ein fagjury og NRK sitt publikum i 2018.

Nå vurderer skulane i Sauda, saman med bussjåføren, om dei skal senda elevane på rasvegen eller velja ei alternativ rute. Rektor Tangeraas er opptatt av at det skal vera trygt for elevane.

– Dette har det blitt snakka om på skulen. At vegen er rasfarleg.

– Uroa for ungane sine

Busselskapet som køyrer mange av leirskuleelevane har fått signal om uroa foreldre.

Per Arne Fisketjøn

Dagleg leiar i Suldalsbussen, Per Arne Fisketjøn.

Foto: Eirik Waage / NRK

Det er dei som bur lengst vekke frå Suldal, i Sunnhordland, som er mest uroa, ifølge dagleg leiar i Suldalsbussen, Per Arne Fisketjøn.

– Dei har fått med seg rasfaren i nyheitene. Då blir dei uroa for ungane sine. Dette er gjerne foreldre som sender ungane ein gong i livet på denne strekninga, mens dei som går på den lokale skulen på Sand må reisa på rasvegen to gonger til dagen.

– Kva fortel det at foreldre som sender ungane ein gong i livet på rasvegen er uroa?

– Det positive er at du får forståing for den rasfarlege vegen ut over kommunegrensene. Det negative er den uroa dei har.

Bussjåføren påpeikar at det går an å køyra via fylkesveg 632 via Jøsenfjorden, både for dei som kjem sørfrå og nordfrå, for å komma til Gullingen.

Gullingen

Gullingen leirskule i Rogaland er den femte største i landet og tar imot elevar frå Rogaland og Sunnhordland.

Foto: Gullingen leirskule

Vurderer å droppa rasvegen

Gullingen leirskule har også fått spørsmål frå foreldre som lurer på om dei må køyra rasvegen.

Jan Erik Kristensen

Rektor ved Gullingen leirskule, Jan Erik Kristensen.

Foto: MORTEN WIIK LARSEN

Rektor ved skulen seier dei nå vurderer å droppa det rasutsette vegstrekket og heller bruka fylkesveg 632. Uansett kor trafikken kjem frå.

– Eg har vore i kontakt med busselskapet om dette. Dette må vurderast ut frå omsynet til tryggleiken for passasjerane, seier rektor og leirskulelærar Jan Erik Kristensen.

– Er det forsvarleg å bruka denne vegen når det finst alternative ruter?

– Eg vurderer det som trygt når vegen er open. Skulebussane i Suldal køyrer også dagleg på strekninga.

Ordføraren i Suldal forstår at foreldre er redde for å senda elevar med buss på den verste rasvegen i Rogaland.

– Dette viser alvoret i saka. Folk i Suldal er også engstelege. Dette er kvardagen vår, seier ordførar Gerd Helen Bø (Sp).

Det er Lovraeidet – Rødsliane som er den spesielt rasfarlege strekninga for elevane som skal på leirskule til Gullingen. Her er det planar om rassikringstunnel.