Hopp til innhold

Her går det så mange ras at sjølve rassikringa kan bli for farleg

Berre i sommar har det gått tre ras på Riksveg 13 i Suldal. Å sikra vegen kan bli ein for risikabel jobb.

Mange ras i Suldal

TI ÅR MED RAS: Dette er bilde frå ras på Riksveg 13 i Suldal opp gjennom åra.

Sundag skjedde det igjen. Svære steinblokker raste ned i vegbanen i Rødsliane i Suldal. Mange av blokkene er store nok til å knusa ein bil og ta menneskeliv.

Vegstrekket der raset gjekk blei i 2018 kåra til Noregs tredje verste veg av ein fagjury og NRK sitt publikum. Sidan den gong har det gått mange nye ras, men ingen rassikringstiltak er sett i verk på strekket.

Nå vurderer likevel Vegvesenet om det er mogleg å setja inn strakstiltak, som eit fanggjerde.

Men den jobben kan bli for farleg.

– Det ligg stein i skredbanen

Geologar har nemleg undersøkt rasområdet med drone. Sjølv om vegen har opna, så gir dronebilda grunn til bekymring.

– Det ligg framleis mykje laus stein i skredbanen. I tillegg er det fleire aktive løyseområde i fjellsida, seier geolog Simon Løvås frå Vegvesenet.

Rødsliane

Rødsliane: Nede til høgre i bilde kan du sjå området der dei siste rasa har gått. Det er her det kan vera for risikabelt å jobba. Biletet til venstre er frå raset i helga.

Foto: Vegvesenet

Paradoksalt nok kan det bety at å setja opp eit fanggjerde vil bli ein for risikabel jobb. Risikovurderinga går då på kor trygt det er å ha folk på arbeid over lengre tid i det rasfarlege området.

Geologen understrekar at det ikkje er bestemt kva som vil skje vidare, men slår fast at det utan skredsikring vil koma meir stein ned.

Simon Løvås, Statens vegvesen

Geolog Simon Løvås i Statens vegvesen.

Foto: Privat

– Eg håpar at det kjem pengar slik at det kan setjast i verk omfattande skredsikring. Folk som bur her fortener ein tryggare veg, seier han.

Berre nokre timar etter intervjuet melde lokalavisa Suldalsposten at det hadde kome meir stein ned i vegbanen.

Ein gjennomgang av NRK sitt eige bildearkiv på nett viser at livsfarlege ras er ein del av kvardagen på Riksveg 13 i Suldal kommune.

Ras på RV13 Suldal

2009: Raset stenger nesten heile løpet til Falkalitunnelen.

Foto: Rune Stumo/Statens vegvesen
Skred tok bil

2011: Dette snøraset gjekk mellom Sand og Jelsa og tok ein bil. Ingen blei skadde.

Foto: Odd Iversen / Vegvesenet
ras på Rv13

2013: Den største steinblokka var over 20 kubikkmeter då raset gjekk her ved Suldalsvatnet.

Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet
Ras på RV13

2015: Dette gjekk ved Osebergtunnelen.

Ras på riksvei 13 ved Kilane/Vågane, Erfjord, Suldal

2018: Desse enorme steinane kom ned ved Kilane/Vågane i Erfjord.

Foto: Siri Førland / Suldalsposten
Opprydding på riksveg 13

2018: Dette raset gjekk ved Suldalsvatnet.

Ras på riksvei 13 i Suldal

2019: Raset var rundt 100 meter langt, og det var ein stad mellom 50 og 100 kubikk med stein som raste ned i vegbanen.

Ras på riksveg 13, Nesflaten

2020: Tidlegare i sommar raste ei svær steinblokk ut i vegen sør for Nesflaten.

Foto: Erling Rognskog
Ras i Suldal

2020: Her er det siste raset som har gått i Suldal i sommar. Måndag raste det på ny i same område.

Foto: Statens vegvesen

Håper på prioritering i NTP

I desse dagar reiser samferdselsminister Knut Arild Hareide rundt i landet for å få innspel til ny Nasjonal transportplan (NTB). Torsdag skal han til Stavanger for å diskutera prioriteringane som er spelt inn frå Rogaland.

Frå før ligg Riksveg 13 Lovraeidet – Rødsliane inne i siste del av transportplanen. Det betyr rassikring og fire kilometer tunnel tidlegast i 2024.

Ei svær steinblokk raste ut på Riksveg 13 i sommar. Her blir ho sprengt vekk.

28. juli raste det ut ei stor steinblokk her ved Nesflaten. Her blir ho sprengt vekk.

Stortingspolitikar frå Senterpartiet, Geir Pollestad, meiner dei siste rasa viser at dette må skje tidlegare.

Geir Pollestad (Sp)

Geir Pollestad (Sp) meiner det straks må skje noko i Suldal.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Det hastar med å få gjort desse utbetringane. I alt for mange år har det ikkje skjedd noko på riksveg 13. Eg håper det kan skje noko allereie før NTP skal behandlast i vår, seier Geir Pollestad.

Men dersom det ikkje blir omprioriteringar dette året, meiner Pollestad at det i alle fall bør ligga inne pengar til rassikring i den første fireårsperioden, som startar i 2022.

Hareide har ennå ikkje svart på førespurnaden frå NRK Rogaland.

Skuleveg

Partifelle og Suldal-ordførar Gerd Helen Bø (Sp), er samd. Å kjempa for pengar til rassikring er ein stor del av kvardagen hennar.

– Det er i grunnen ras som står i hovudet mitt heile vegen. Slik er det å vera ordførar i Suldal, seier Bø.

Ras på Riksveg 13 ved Nesflaten i Suldal

Steinblokka blei sprengt, og flaket som er att i fjellsida har blitt sikra med 46 boltar. Det trengst likevel meir sikring også i dette området, ifølgje geolog Simon Løvås.

Foto: Statens vegvesen

Og samstundes som rasa kjem jamleg, auka også trafikken då Ryfast-tunnelen opna i slutten av 2019. Dei to første månadane i år var det 16 prosent fleire bilar som passerte Vegvesenet sitt teljepunkt på Lovra, samanlikna med i fjor.

At vegen også er skuleveg for ungdomsskuleelevar, som køyrer buss her to gonger dagleg er noko innbyggjar i kommunen, Åshild Vetrhus, er bekymra for.

– Eigentleg prøver me som bur her å ikkje tenkja på det, men det blir jo litt vanskeleg når du ser lause steinblokker henga over vegen, seier ho.