Fryktar rastiltak blir «sovepute» for «versting-veg»

RYFYLKE (NRK): Det er sett i gang midlertidige sikringstiltak på riksveg 13 i Suldal. Nå er frykta at det utset planane om permanente tiltak for ein av dei verste rasvegane i landet.

Arild Eskeland / NRK

(Bilete i toppen av artikkelen er eit framprovosert ras i samband med den midlertidige rassikringa).

– Eg fryktar veldig at dei midlertidige tiltaka blir ei sovepute for rassikringstunnel. At det vil ta endå lenger tid før me blir prioriterte med skikkeleg sikring, seier dagleg leiar i Suldalsbussen, Per Arne Fisketjøn.

Denne veka gjekk Statens vegvesen i gang med midlertidige sikringstiltak langs dei stupbratte fjellsidene i Rødsliane på riksveg 13 i Suldal.

Resultatet skal bli eit 70 meter langt og seks meter høgt rassikringsnett seinare i haust.

Det skjer etter eit stort ras i august der mange av steinblokkene var store nok til å knusa ein bil og ta menneskeliv.

Mange ras i Suldal

TI ÅR MED RAS: Dette er bilete frå ras på riksveg 13 i Suldal opp gjennom åra. To av bileta er frå den omtalte strekninga i Rødsliane, resten er frå andre plassar på riksveg 13 i Suldal.

– Berre liten del blir sikra

Men sikringsarbeidet er utfordrande. Ein geolog i Vegvesenet har uttalt at arbeidet kan bli for farleg på grunn av den store rasfaren.

I 2018 blei vegstrekket kåra til Noregs tredje verste veg av ein fagjury og NRK sitt publikum.

Per Arne Fisketjøn

Dagleg leiar i Suldalsbussen, Per Arne Fisketjøn.

Foto: Eirik Waage / NRK

– 70 meter med sikringsgjerde betyr at berre ein liten del av strekninga blir sikra. Me har erfart at det går ras fleire plassar enn dette. Det har også vist seg at sikringsnett kan ryka dersom fjellmassane er store nok, seier bussjåfør Fisketjøn, som har turskyss langs rasvegen.

– Blir vegen trygg med desse midlertidige tiltaka?

– Ikkje i mitt hovud. Men eg har ikkje sett sjølv oppe i fjellsida. Ein må stola på fagfolka, elles så kan ein ikkje køyra der.

– Betyr det at det er feil med midlertidige tiltak?

– Det er for så vidt ikkje det, men eg stolar ikkje på at me blir prioriterte slik me burde av staten, seier den erfarne bussjåføren.

Det er Lovraeidet - Rødsliane som er den spesielt rasfarlege strekninga der det er planar om rassikringstunnel. Vegen ligg like ved kommunesenteret Sand i Suldal i Rogaland.

– Fare at det midlertidige blir evig

Stortingspolitikar Geir Pollestad (Sp) er blant dei som har engasjert seg for å få på plass raskare permanent rassikring. Han deler delvis uroa til bussjåføren.

– Det er alltid ein fare for at det midlertidige blir evig. Det vil vera det politiske trykket mot Hareide (samferdselsminister, jour.merk.) som avgjer, seier han.

Rødsliane

RASVEG: Nede til høgre i bilete ser du området der det store raset i Rødsliane gjekk i august. Bilete til venstre viser steinblokkene frå raset.

Foto: Vegvesenet

Redde elevar i skulebussen

Med bygginga av fastlandsprosjektet Ryfast, er rasvegen blitt ein meir trafikkert veg for dei som skal mellom Stavanger og Austlandet, ifølge Vegvesenet sine målingar.

I tillegg er det pendlarveg for mange i Suldal kommune. Blant andre elevar ved Sand skule.

Skulen fortel om mange bekymra elevar etter det store raset i sommar.

– Det er ekkelt å tenka på at mange elevar må køyra denne rasfarlege vegen. Det kan skje ras når som helst og me har ingen kontroll, seier avdelingsleiar ved skulen, Johnny Hetland.

Han er blant mange som meiner dei permanente rassikringstiltaka bør framskundast. Det betyr ein fire kilometer lang rassikringstunnel til 850 millionar kroner.

I dag ligg tunnelen inne i siste del av Nasjonal transportplan (NTP). Det betyr rassikring tidlegast i 2024.

Men målet til lokalpolitikarane er å framskunda planane i den nye transportplanen som blir lagt fram til våren.

Departementet: – Tar tryggleiken til folk på alvor

Ordføraren i Suldal deler likevel ikkje frykta til bussjåføren om at dei midlertidige tiltaka blir ein bremsekloss for tunnelplanane.

Gerd Helen Bø (Sp), ordfører i Suldal.

Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

– Eg tenker den midlertidige sikringa er så viktig at eg ikkje trur det vil ha innverknad på tunnelen som skal koma om ei stund, seier ordførar Gerd Helen Bø (Sp).

Samferdselsdepartementet svarer slik på spørsmål om det er grunn til å frykta at dei midlertidige tiltaka går ut over dei langsiktige planane:

– Kva som blir dei konkrete prioriteringane i Nasjonal transportplan er for tidleg å seia nå, men i første omgang er eg glad for at det blir gjort skredsikringstiltak. Det viser tydeleg at tryggleiken til folk blir tatt på alvor av regjeringa, seier statssekretær Ingelin Noresjø (KrF).