Hopp til innhold

Praksisen var ikkje grei – nå tar taxiselskapet rekninga

Rogaland taxi innrømmer at det var feil å senda SMS-rekning til kundane. Nå har dei endra praksisen sin.

Taxi-SMS

Det var Haugesunds Avis som i februar avslørte at alle Rogaland taxi sine ti sentralar i fylket har hatt ein SMS-praksis, som ligg i gråsona.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Svein Svimbil

Svein Svimbil er administrerande direktør i Rogaland taxi, som har sentralar frå Haugesund i nord til Egersund i sør.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Det er veldig bra at dei har teke tak i dette og ordna opp så raskt, seier Edith Nøkling, som er regiondirektør i Forbrukarrådet i Rogaland.

Det var ho som gjekk ut og kritiserte Rogaland taxi då det blei kjent at dei tok ei krone i betaling for SMS-ar som dei sender til kundane sine ved bestilling. Normalt sett tar drosjeselskapa sjølv denne kostnaden.

Kostnad på om lag 800.000 kroner

– Me har hatt nokre rundar med styresmaktene etter saka kom fram i februar, og det viser seg at praksisen ikkje er grei, derfor slutta me å ta betalt for SMS-stadfestinga på onsdag førre veke, seier administrerande direktør i Rogaland taxi, Svein Svimbil.

Dermed blir det slutt på at kunden må betala ved alle Rogaland taxi sine ti sentralar frå Haugesund i nord til Egersund i sør.

– Kva vil dette kosta for dykk?

– Det er vanskeleg å sei heilt nøyaktig, men truleg om lag 800.000 kroner i året.

Han legg til at det aldri var eit alternativ å fjerna tenesta der taxi-bestillinga blir stadfesta.

– Dette er ei utruleg bra hjelpemiddel for kundane, så det ville vore uaktuelt å fjerna tilbodet, seier Svimbil.

– Eit prinsipp

Ved Forbrukarrådet er dei på kundane sine vegne svært glade for at dette blei ordna opp i.

– Då me hadde samtalar med Svimbil forstod me at dette var noko dei trudde var greitt. Då dei forstod at det ikkje var greitt var dei svært villige til å ordna opp, så det er veldig bra, seier Nøkling.

Sjølv om det ikkje er snakk om meir enn ei krone per SMS meiner ho det handlar om prinsipp:

– I desse dagar er det svært mange som sender denne type SMS-ar til deg. Viss alle kan velta kostnaden for denne servicen over på kunden vil me mista oversikta, og beløpet kan bli stort.